Er du ein kristen?

La meg i dag gå rett på sak og stilla deg dette spørsmålet: Er du ein kristen?

Det er eit svært personleg spørsmål, vi du kanskje svara i første omgang. Nettopp. Derfor krev det også eit personleg svar. Ikkje nødvendigvis til meg eller noko anna menneske. Nå handlar det først og fremst om kva du tenkjer og seier om deg sjølv og til deg sjølv. Om identiteten din, rett og slett. For trua er ein viktig del av identiteten til kvar og ein av oss.

Ein del av dykk har svaret klart med ein gong. Kanskje er du heilt sikker i di sak. "Eg er ein kristen, ja." Eller på den andre sida: "Nei, eg er ingen kristen." Tilhøyrer du den siste kategorien skulle eg gjerne ha stilt deg eit oppfølgingsspørsmål. Freista å finna ut kva som er grunnlaget for den ståstaden du har i dag. Du skulle vel ikkje ha tatt eit val på sviktande grunnlag? 

Den dialogen får me ta seinare. Nå vil eg gjerne samtala litt meir med deg som seier at du er ein kristen. Kva legg du i den vedkjenninga? I våre dagar er det ikkje uvanleg å høyra folk omtala seg sjølve som kulturkristne. Som nordmenn og europearar tilhøyrer me ein kultur som gjennom meir enn tusen år har vore under sterk påverknad av Bibelen og kristen tru. Det har prega lovgiving og rettsoppfatning, politikk, utdanning, kunst osv. Og sjølv om denne påverknaden har vore på vikande front dei siste tiåra, er spora av kristen tenking framleis sterke i samfunnet vårt. Men gjer det oss utan vidare til kristne?

Kanskje er grunnlaget for vedkjenninga di mykje enklare. Du er medlem av den norske folkekyrkja, som framleis omfattar fleirtalet av innbyggjarane i dette landet. Då er du vel ein kristen, borgar i ein kristen nasjon?

Bibelen har ei litt anna tilnærming. I Apostelgjeringane 11, 29 får me vita at omgrepet "kristen" først dukka opp i Antiokia i Syria, og at det var læresveinane (disiplane) som blei kalla kristne. Å vera læresvein eller disippel i bibelsk forstand inneber å vera ein etterfølgar av Jesus. Det vil igjen seia at Jesus er blitt herre i livet. Disippelskap av Jesus er radikalt. Sidan Jesus sitt liv starta med ein overnaturleg fødsel, kan ikkje våre kristne liv starta med noko mindre.

Er du ein kristen? Etter denne tankerekka lurer du kanskje sjølv også? Du treng ikkje halda fram med å vera i tvil. Det beste svaret får du ved å gå til Bibelen og spegla livet ditt mot innhaldet der. Men denne spegelen vil også visa deg meir. Han vil visa deg Jesus, han du er kalla til å etterfølgja.Mitt råd er at du startar med Johannes evangelium og 1. Johannes-brev. Og gløym ikkje å dela vitnemålet ditt med andre den dagen du veit kven du er ut frå bibelsk definisjon og tankegang.

Fleire tankar om livet
Fleire tankar om livet
Er du blant dem som gjerne har ett bestemt bibelord for hvert halvår eller år? Ikke jeg. Ikke systematisk, mener jeg. Men året 2022 startet med at ett bestemt vers i Johannes evangelium ble levende og begynte å åpne seg for meg. Det vil jeg gjerne dele med deg.
​​​​​​​Julens viktigste budskap er at Gud ble menneske. Og det ble han for å sone våre synder og forene en fortapt menneskehet med seg selv. Drivkraften var og er kjærlighet. Og da snakker vi ikke bare om kjærligheten til skaperverket eller menneskeheten i stort. Gud bryr seg om hvert enkelt menneske. Selv den minste blant oss er sett og elsket av vår Far i himmelen.
«Med hjertet tror en til rettferdighet, og med munnen bekjenner en til frelse,» leser vi i Romerbrevet 10, 10.
"Når orda dine opnar seg, gir dei lys," står det i Salme 119, 130 i Bibelen. Bibelen er Guds Ord, levande ord. Under vignetten Tankar om livet vil me dela opplevingar av bibelord som opnar seg og blir svar på livets store og små spørsmål.
Powered by Cornerstone