Dette trur me på

Me trur at Bibelen er Guds ord til oss, og dermed rettesnora for liv og lære. Hovudbodskapen i Bibelen er at Gud, som har skapt alle ting, elskar alle menneske. Derfor døydde Jesus Kristus, Guds son for å sona all synd og og gi alle del i ein ny skapnad. Alle som vil, kan venda seg til Gud ved Jesus Kristus og ta imot tilgjeving og nytt liv.

Me trur det er Guds vilje at alle som tar imot Guds frelsesgåve på denne måten, skal lata seg døypa. Me trur også at alle kristne skal tilhøyra eit kristent fellesskap, ei forsamling. Så sant det er mogleg, er det rett at truande kjem saman til gudsteneste for å tilbe, takka og dela Guds ord med kvarandre.

Me trur at Jesus skal koma tilbake til jorda for å henta alle som trur på han, til eit evig liv i himmelen. Me trur også at han skal oppretta sitt fredsrike på jorda, og at han til slutt skal døma levande og døde.

Som del av Pinsebevegelsen i Norge deler med dette trusgrunnlaget, slik det er å finna på nettstaden pinsebevegelsen.no

Powered by Cornerstone