260.000 kroner til Ukraina-hjelp

Eit oversyn etter grovteljinga søndag kveld viser at årets SOS Ukraina-aksjon i Sveio resulterte i rundt 260.000 kroner til Open Heart sitt hjelpearbeid.

Det er ny rekord. I 2025blei sluttresultatet  250.000 kroner.  Inntektene kjem frå storbasaren i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn søndag 25. oktober, fraktpenger for klessekker og gåver til arbeidet.

Pinsekyrkja Filadelfia var fullsett under storbasaren, der Open Heart-leiar Halvard Hasseløy fortalte levande og engasjert om situasjonen i Ukraina. På basaren var det også ei markering av at Pinsekyrkja no er ferdig renovert etter fleire års arbeid. Pastor Robert Bauge sto for denne delen av programmet, der huset på nytt blei vigsla til Guds rike sitt arbeid. Under trekninga etterpå fann rundt 300 gevinstar vegen til heldige vinnarar.

I tillegg til pengane blei det samla inn 499 sekker med klede i Sveio under aksjonen. Dette er omtalt i ein annan artikkel på denne nettstaden.

Denne saka blir oppdatert når finteljinga er gjennomført og alle transaksjonar via bank erregistrte.

Powered by Cornerstone