499 sekker med naud-hjelp til Ukraina

Under innsamlingsaksjonen i Sveio laurdag 24. oktober kom det inn 499 sekker med klede, sengetøy og anna utstyr til krigsofra i Ukraina.

Innsamlingsaksjonen blei gjennomført av  Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn i samarbeid med lokale partnerar og stiftinga Open Heart. Her er detaljar frå kvar av dei fire innsamlingsstadene:

Aulandshamn: 210 sekker

Sveio sentrum 173 sekker

Førde 66 sekker

Valevåg 50 sekker.

Talet frå Auklandshamn inkluderer ein del sekker som kom inn på førehand, frå ulike delar av kommunen.

Årets resultat er monaleg betre enn i fjor, då det kom inn 382 sekker i Sveio. Tusen takk til alle som har tatt seg bryet med å pakka og levera kleda. Dette kjem godt med i eit land der krigen  rasar vidare og råkar sivile verre enn nokon gong før.

På storbasaren i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn søndag 25. oktober var det fullt hus og god stemning. Me jem tilbake til det økonomiske innsamlingsresultatet i ein eigen artikkel når finteljinga er unnagjort.

Powered by Cornerstone