Sjå kva du kan vinna på Ukraina-basaren

Dei fleste som kjøper lodd og årer på Ukraina-basaren, er truleg mest opptekne av å hjelpa folk i naud. Men det er også legitimt å ønskja at favorittgevinsten skal bli din.

Og kva er så favoritten? Kanskje ein caps med Vestavind-logo, ei fruktkorg  frå ein av dei lokale butikkane i Sveio eller ei dokke med full garderobe. Mange ønskjer seg nok ein god og varm heimestrikka genser, ein duk  eller eit maleri av ein lokal kunstnar. For mange står nok denne verktøykassen (bildet) med innhald høgast oppe på ønskelista. Mange kan nok også tenkja seg ein elektrisk muttertrekkar, ein mikobølgeomn eller ei induksjonsplate. Gåvekort frå ulike butikkar og bransjar har me også fått, mellom anna på herreklede.

Og så er det ferskvarene då. Laks frå Bømlo som blei slakta for berre få dagar sidan eller nybakte kaker, for eksempel. Her må me særleg nemna stengene av kransekakedeig (og kanskje flatbrød) som den bakeglade mannfolkgjengen vår har lova også denne gongen. Vinn du i tlllegg ein sekk med tørr ved, kan du kosa deg med godsakene framfor peisomnen om det er aldri så kaldt og surt ute. Og enno har me berre nemnt ein brøkdel av alle dei flotte gevinstane me har fått også dette året.

Vel møtt til basaren i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn søndag kl. 16.00. Alle inntekter frå basaren går til Open Heart (Halvard Hasseløy) sitt omfattande hjelpearbeid blant krigsoffer og interne flyktningar i Ukraina.

Powered by Cornerstone