Her kan du levera klede og utstyr til Ukraina

Laurdag 24. oktober er den store innsamlingsdagen i Sveio for klede, sko og sengetøy til ofra for krigen i Ukraina.

Det er Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn som organiserer innsamlinga i samarbeid med organisasjonen Open Heart. I Sveio har me fire mottaksstasjonar der du kan levera kolli med klede og anna utstyr mellom klokka 11.00 og 14.00. Desse stadene er:

Pinsekyrkja Filadelfia i Auklandshamn

Sveio sentrum, lastebil på pareringsplassen ved Soknehuset

Førde bedehus

Valevåg, ved butikklokalet.

Me minner også om storbasaren i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn søndag 25. oktober klokka 16.00 (hugs å stilla klokka til vintertid!)

Bildet knytt til denne artikkelen er frå ei tidlegare innsamling på Haugalandet og viser sekker frå Sveio som er lasta om bord i ein av Open Heart sine trailerar.

 

Powered by Cornerstone