Snart tid for ny Ukraina-innsamling i Sveio
Som vanleg blir storbasaren arrangert i Pinsekyrkja Filadelfia i Auklandshamn. På basaren blir det i år også ei markering av at renoveringa av "pinsehuset" då vil vera fullført. Renoveringsarbeidet har pågått over fleire år, og særleg denne sommaren har kyrkjebygget og omgivnadene rundt vore ein byggeplass.
Årets SOS Ukraina-aksjon startar med innsamling av klede, sengetøy, julegåver osv. laurdag 24. oktober. Mellom klokka 11.00 og 14.00 kan sekker med nytt og brukt tøy leverast på følgande stader:
Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn, Sveio sentrum (truleg på parkeringsplassen ved soknehuset), Førde bedehus og ved det tidlegare butikklokalet i Valevåg. Me ber om 50 kroner per sekk/kolli i fraktstøtte for kleda. Det vil også bli fokus på innsamlinga på føremiddagstreffet i Bua bedehus tysdag 20. oktober.
Ukraina-basaren i Pinsekyrkja Filadelfia startar søndag 25. oktober kl.16.00. Basaren er kjent for mange flotte gevinstar. Bildet er frå fjorårets basar, men me håpar på like fine og kanskje endå meir verdifulle objekt i år. Me har enno ikkje fullt oversyn, men vil presentera utvalde gevinstar i vekene framover, både på nettstaden her og Pinsekyrkja Filadelfia sin facebookprofil. Sjå også FB-profilen Innsamling til Ukraina i Sveio for meir informasjon. Ukraina-basaren er også kjent for å samla mykje folk. Og folk har vist seg å vera rause, både når det gjeld lodd- og årekjøp. Førehandssal av lodd er alt i gang. Allereie no kan du altså sikra deg lodd og dermed vera med i konkurransen om årets toppgevinstar.
Det aller viktigaste er likevel ikkje å vinna toppgevinsten, men å vera med å hjelpa ein krigstrøytt nabonasjon i Europa og ikkje minst barn og unge som har mista alt. Open Heart sin daglege leiar, Halvard Hasseløy, blir med på basaren for å fortelja både om behovet og hjelpearbeidet. Halvard var nyleg i Ukraina saman med styret i Open Heart. Mellom anna deltok dei på opninga av ein ny matstasjon i byen Korostyshiv, ein by der hjelpearbeid har pågått i mange år og der også fleire frå Sveio har vore på besøk.
"Aldri har det vore viktigare å nå ut med hjelp til menneske i Ukraina," skreiv Halvard på Facebook etter denne turen.
Det same blir stadfesta gjennom daglege reportasjer på TV om Russland si brutale krigføring. Krigen starta i Aust-Ukraina i 2014 og blei utvida til fullskala krig i 2022. Etter kvart har stadig nye og meir dødbringande våpen blitt tekne i bruk. Resultatet er at tusenvis av gåde soldatar og sivile, vaksne og barn, har mista livet eller blitt lemlesta for livet. Mange har blitt heimlause, og mange born har mista ein eller begge av foreldra sine. Mange av dese barna og det som er igjen av familiane deira gjennom Open Heart sitt omfattande nettverk i Ukraina.