Robert Bauge ny pastor i Pinsekyrkja Filadelfia

På årsmøtet søndag 9. mars blei Robert Bauge (48) valt til ny pastor og leiar for Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn.

Bauge etterfylgjer Einar Vestvik og går inn i oppgåva med ein gong. Han blir offisielt innsett på i pastortenesta på ei gudsteneste søndag 6. april. Leiaren i Pinsebevegelsen sitt leiarråd, Øystein Gjerme, blir med på denne gudstenesta.

Robert Bauge har vore med i leiarskapet/styret for Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn sidan 2021. Han er no attvald for to år. Det same er Oddvar Bauge og Åshild Jacobsen Bauge. Sveinung A. Andersen blei attvald for fire år. Nye medlemmer i leiarskapet er Lisbeth Børven Våbenø og Petter Våbenø. Dei blei valde for fire år. I tillegg til Einar Vestvik gjekk også Lillian Lund Vestvik ut av leiarskapet på dette årsmøtet.

Årsmeldinga og rekneskapen for 2024, som blei godkjende på årsmøtet, viser ein solid økonomi. Gåveinntekter frå medlemmer og andre møtebesøkande er den viktigaste inntektskjelda. I 2024 kom det inn rundt 550.000 kroner i gåver til heimearbeid og misjon. I tillegg resulterte basaren og innsamlinga til inntekt for hjelpearbeidet i Ukraina, ei inntekt på vel 226.000 kroner. Andre inntektskjelder er statstilskot til trussamfunn på 85.000 kroner og statstilskot til barne- og ungdomsarbeid som blir formidla gjennom Pinse Ung på 15.000 kroner.  Kapitalinntekter på vel 126.000 kroner blir øyremerka til misjonsarbeid og gjer det mellom anna mogleg å senda 10.000 «Manga Messias»-bøker på spansk til Boliviai år.

Powered by Cornerstone