Oppgraderinga er i gang

Arbeidet med å oppgradere pinsekyrkja i Auklandshamn er i gang. Ein god dugnadsgjeng starta arbeidet første veka i september med å fjerna vindauge på begge sider av scena.

Samstundes fekk huset eit nytt strøk med maling både på aust- og sørsida. Neste steg blir å byggja om sjølve scenepartiet - eller plattforma. Heile møtesalen skal også fornyast både i tak og vegger. Samstundes er målet at verksemda skal gå mest mogleg uforstyrra gjennom heile anleggsperioden.

Powered by Cornerstone