Jarle Haugland-besøk flytta til hausten

Fellesmøtet mellom Filadelfia og Sjustjerna i Sveio er flytta for andre gong på grunn av den usikre koronasituasjonen. Ny dato for arrangementet er sett til onsdag 15. september.

Jarle Haugland frå Tro og Medier skal undervisa på samlinga. Temaet hans handlar om korleis me framstiller Jesus i media i ei etterkristen tid. Media omfattar i denne samanhengen også sosiale medier som Facebook og Twitter.

Dersom smittevernreglane tillet det, vil det også bli kaffipause mellom to undervisningsbolkar. Dette kjem me tilbake til når me veit meir om situasjonen i landet vårt på den tida.

Powered by Cornerstone