Menighetsbygget

Huset der me held til og der dei fleste aktivitetane skjer ligg sentralt i Auklandshamn, like ved Auklandshamn skule. Bygget vart opprinneleg bygd på denne tomta i 1948, men etter ei stor utbygging og modernisering i 1994 er huset no eit romslig og funksjonelt bygg for mange aktivitetar.

Møtesalen rommar normalt 130 personar (berre stolar) eller kan dekkast med bord til ca 80-100 personar. I møtesalen er det ei scene/plattform på ca. 9 x 4 meter. Her er også dåpsbasseng.

Den gamle møtesalen ligg like bak hovudsalen og dei to salane kan slåast i saman til ein stor sal med plass til om lag 200 personar (berre stolar). Den gamle salen rommar normalt kafé for 40 personar. Det er kjøkken i tilknytning til den gamle salen.

I kjellaren har me ei sal som kan romma om lag 70 personar (berre stolar) eller den kan dekkast med bord for om lag 40 personar. Dette rommet er mest brukt til barnearbeidet og til bønnemøter.

I tillegg til dette har me eit lite gruppe-/møterom i loftsetasjen med plass for mindre møter (ca 10 personar).

Bygget er sjølvsagt tilrettelagt for bevegelseshemma og hovudsalen er utstyrt med teleslynge for hørselshemma.

Me har eigen parkeringsplass utanfor med plass til over 100 bilar. Bak huset har me også eit stort område for ulike aktivitetar, med ein sandvolleyballbane som me har fått av, og bruker saman med, Auklandshamn Idrettslag. På dette området er det også laga ei lita utescene som blir brukt mellom anna ved julegrantenninga.

Huset kan leigast til private selskap o.l. Ta kontakt med oss for vilkår, prisar og ledige datoar.

Kalender
Søndag 24. November,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tale av Åshild Bauge. VIP Minutes og Små Juveler for barna
Onsdag 27. November,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 1. Desember,
17:00 Me tenner julegrana i Auklandshamn
Samarbeidsprosjekt med Auklandshamn bygdalag, Auklandshamn idrettslag, Eikeland musikkorps...
Tirsdag 3. Desember,
17:00 Felles juleavslutning for barnearbeidet på Filadelfia
Siste samling i 2019, for BiA, Supertirsdag og RR. Foreldre og andre som har lyst...
Onsdag 4. Desember,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 8. Desember,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
VIP Minutes og Små Juveler for barna
Onsdag 11. Desember,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 15. Desember,
12:00 Søndagsmøte
VIP Minutes og Små Juveler for barna