Tankar om livet
Kjendis for bønn

Kjendis for bønn

07.09.2020
Nokre menneske har skrive seg inn i historia utan at dei var klar over det, berre fordi dei levde ekte og heilstøypte liv. Bolette Hinderlie blir hugsa fordi ho ba. Og fordi svaret på bønne hennar fekk så vidtrekkande konsekvensar.

Hugsar du den tyske storfilmen ”Das Leben der Anderen”?  Filmen er vel verd å sjå.  ”Das Leben der Anderen”, eller  ”Dei andre sine liv” omsett til norsk, skildrar den intense overvakinga som kommunistregimet i Deutsche Demokratische Republik (DDR) - Aust-Tyskland - utsette si eiga befolkning for. Sentralt i filmen står ein etterretningsoffiser som levde seg så sterkt inn i oppgåva si at han etter kvart blei meir opptekne av dei han overvaka enn seg sjølv og sitt eige liv. Til sist blei ikkje dette berre negativt. Han fekk slik sympati med ein av dei han heldt auge med, at han faktisk berga livet til denne dissidentet til slutt.

Interesse for andre sine liv kan ha både positive og negative sider. Å studera kva andre før oss har opplevd, kan vera både lærerikt og utviklande. Negativt blir det når me freistar å trengja innanfor den grensa som kallast privatliv. Eller når motivet for interessa er å skaffa næring for sladder eller informasjon som kan brukast mot vedkomande.

Som journalist og som forfatter av fleire biografiske og misjonshistoriske bøker har det vore oppgåva mi å fortelja om andre sine liv. I bøkene, for å halda oss til dei, er det dei andre sine opplevingar det handlar om. Mange av personane eg har møtt og historiene eg har høyrt  gjennom arbeidet med desse bøkene, har gjort sterkt inntrykk på meg. På den måten har desse personane berørt mitt liv også, blitt ein del av meg og mi eiga historie så å seia. Og det gjeld ikkje berre dei eg har møtt ansikt til ansikt. Som for eksempel Bolette Hinderlie. Ho levde eit stille liv og blei kjendis først etter at ho var død. Og årsaka til kjendisstatusen var bønnelivet hennar. 

Ho blei fødd i Sauda i det historiske året 1842 og fekk namnet Anna Bolette Larsen. Seinare, etter farens død, flytta ho med mora utover til kysten. Frå då av tok ho etternamnet Hinderlie. Det er eigentleg eit sveionamn, men ho budde visst aldri i Sveio og gifta seg heller ikkje til namnet. For Bolette blei verande ugift heile livet. Bakgrunnen for Hinderlie-namnet var at ho og mora flytta inn i Hinderlie-huset på Bakarøynå. Det tilhøyrde søstera og svogeren til Bolette.

Det blir fortalt om Bolette at ho var svært opptatt av bønn frå ho var ganske liten. Spesielt var det også at ho frå barndommen hadde sterke opplevingar med Gud. Ein gong, og då var ho kanskje ikkje meir enn 16 år gammal, såg ho i eit syn ein mann omtrent på sin eigen alder som sonte straffa si i det gamle Botsfengselet i dåverande Kristiania. ”Denne mannen vil få ein liknande lagnad som Ole Høiland om ingen går i bønn for han. Be for han, og eg vil senda ut for å forkynna min pris for heidningane,” høyrde ho ei røyst som sa. Ole Høiland var, i parentes bemerka, ein av storforbrytarane i Norge på denne tida, han og den litt yngre  Gjest Baardsen. levde også på denne tida. Men medan Gjest Baardsen visstnok omvende seg, enda  Ole Høiland sitt liv for eiga hand i fengsel.

Ungjenta Bolette tok ufordringa frå det himmelske kallet. I fire år ba ho dagleg for den unge, ukjende fangen. I 20-årsalderen drog Bolette til Stavanger på sykurs. Der lærte ho yrket sitt for  resten av livet. Mens ho var i Stavanger, blei det kjent at ein ung, kristen misjonskandidat med kriminell bakgrunn skulle tala på eit bestemt misjonshus i byen. Det må ha vore med stor spenning Bolette gjekk til dette møtet. Med ein gong forkynnaren steig fram, kjende ho han igjen. Det var mannen frå det himmelske synet. Då forsto ho at ho var blitt bønnhøyrd.

Mannen ho såg i synet og ba fram til frelse, var Lars Olsen Skrevsrud. Han blei seinare grunnleggjar av Santalmisjonen og mangeårig misjonær i India. Det er visstnok tvilsamt om han nokon gong fekk høyra om Bolette sitt syn og bønneteneste. Men verknadene av bønene fekk han oppleva i rikt mål. Bolette heldt fram med  å be for Skrevsrud, og blei dermed også ein forbedar for alle dei han fekk forkynna evangeliet for i Santalistan. Ho hadde sin eigen bønneplass sørvest på Bakarøyno. Den blei kalla Bolettehålo heilt fram til vår tid. I 1987 hadde eg med meg dåverande krinssekretær Einar Valle i Santalmisjonen og laga ein reportasje om Bolette og bønnene hennar for Haugesunds Avis. Året etter, kanskje også litt inspirert av reportasjen, reiste misjonsvener ein minnestein over Bolette på grava hennar på Vår Frelsers  gravlund i Haugesund. Eg tok også med historia om Bolette i boka ”Halvard Hasseløy på de fattiges side”, som kom ut i 2002. Mest fordi dei kom frå same øya. Og med eit lite spørsmål lur: Mon om bønnene til den trufaste forbedaren nådde like til ein liten gut som skulle bli fødd 41 år etter at Bolette døydde i 1915. Berre himmelen veit svaret. Mange andre har også skrive om Bolette, blant andre Ole Hallesby i den berømte klassikaren ”Fra bønnens verden”. Og det er svært interessante tankar Hallesby gjer seg om forbønn ut frå Bolette si historie.

Bolettehålo er borte nå. Ho måtte vika for utbygginga av bustadblokkene som nå er reiste der vest. Det får så vera. Endå om det kjendest som å vera på heilag grunn då eg var der, har Jesus aldri bede oss om å valfarta til ”heilage stader” eller stader der store under har skjedd før i tida. Ikkje Jerusalem eller Garisim, men i ånd og sannhet, sa Jesus då han blei spurt om den rette staden å tilbe. Sjå Johannes 4.

Det er heller ikkje så viktig å bli heidra med minnesmerke eller kjendisstatus. Dei fleste forbedarane forblir anonyme, slik også Bolette var det mens ho levde. Det var etter sin død ho fekk tilnamnet ”Santalmisjonen si mor”.

Det viktige er å følgja i Bolette sine spor når det gjeld bønn, ikkje minst forbønn.

Dagens Bibelord
Fleire andaktar
Tenk deg at Jesus var gjest i Politisk kvarter på NRK P2. Da tror jeg programlederen mer enn en gang hadde kommet til å si: – Du svarer ikke på spørsmålet!
..., men sangen lever
Natt til søndag 25. oktober døde Arne Gundersen. Han var den siste gjenlevende av sangevangelist-duoen Egil og Arne. En lang og betydningsfull epoke i norsk vekkelseshistorie...
Rik nok
”Det var ein gong for lenge sidan, sånn omtrent forrige fredag.”
I dag vil eg gjerne snakka med deg om bønn. Bønn er sjølve åndedrettet i eit levande kristenliv. 
Kalender
Tirsdag 1. desember,
17:00 Supertirsdag juleavslutning
Onsdag 2. desember,
19:00 Menighetsmøte
Søndag 6. desember,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Einar Vestvik. Tema i adventtida: "Forventning".
Onsdag 9. desember,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.
Søndag 13. desember,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Lillian Lund Vestvik
Onsdag 16. desember,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.
Søndag 20. desember,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Åshild Jacobsen Bauge.