Tankar om livet
Rik nok

Rik nok

28.07.2020
”Det var ein gong for lenge sidan, sånn omtrent forrige fredag.”

Kanskje kjenner du igjen dette sitatet, i alle fall om du som eg er glad i Ole Brumm. Då har du kanskje også ”Den store Ole Brumm-boken”, som dette sitatet er henta frå.

Historia om Ole Brumm er skriven ut frå eit barns perspektiv. For eit barn kan ein forholdsvis kort tidsperiode opplevast som veldig lenge. Då kan det vera veldig lenge sidan forrige fredag, for å seia det slik. Noko tilsvarande kan me vaksne også oppleva i tider der det skjer svært mykje og store forandringar inntreff over ein kort periode. Andre gonger kan me lura på kor tida,  åra er blitt av.

Ein gong for veeeldig lenge sidan – og då snakkar me ikkje om forrige fredag, men kanskje om 1970- og 80-åra - brukte med sjekk som betalingsmiddel her i landet. Det var før plastkorta, betalingsterminalane og Vipps-en si tid. Frå banken fekk me utlevert hefte med 20 eller 25 blanke sjekkar. På sjekkane kunne me skriva det beløpet me ville, namnet på mottakaren og vår eigen signatur som stadfesting. Den som fekk sjekken, måtte skriva namnet sitt på baksida for å få sjekken omgjort i kontantar eller beløpet overført til konto. Ein viktig føresetnad: Me måtte ha pengar nok på konto til å dekka beløpet me hadde skrive på sjekken. Om ikkje var sjekken verdilaus.

Om sjekkheftet blei allemannseige i Norge i min ungdom, var dette ei gammal betalingsform. Engelskmannen Charles Haddon Spurgeon kjende også til den ordninga. Han levde frå 1834 til 1892. Og han brukte sjekkbetaling som bilde då han skreiv ei bok som på norsk har fått tittelen ”Troens bankbok”. Originaltittelen er ”Faith´s Checkbook” – Troens sjekkhefte, direkte omsett.

Spurgeon ser på alle løfta i Bibelen som verdisjekkar, utskrivne til oss av den levande og allmektige Gud. Det kan vera løfte som dette:

Matteus 7, 7

Matteus 11, 28

Rom. 10, 13

Nokre viktige føresetnader finn me her: 

Joh. 15,7 og 1. Joh. 5, 14-15

Vår oppgåve er då å signera på baksida av sjekken, altså ta til oss og akseptera at løftet er til oss, og så presentera sjekken for utstedaren for å få ut ”beløpet”, altså be Gud om å få det han har lova oss.

Om me følgjer Spurgeon sin tankegang, blir det då veldig viktig å studera Bibelen for å finna alle dei verdisjekkane, det vil seia løfta, som er til oss. Då kan me be i tru og forventa å få det me ber om, ikkje berre håpa og venta i uvisse.

Eit slikt bibelstudium vil også visa oss kva posisjon me må vera i for å få utbetalt det som står på sjekken. Det vil også visa oss korleis det står til med dekninga på Guds konto:

Rom. 10, 12: Rik nok for alle som påkallar han.

Fil. 4, 19: Fylla all vår trang etter sin rikdom.

Nokre har gått lengre ut på dette enn andre og står i dag for oss som vitne om at Gud er til å stola på.

James Hudson Taylor bygde opp heile China Inland Mission i tru.

George Müller bygde opp barneheimane utanfor Bristol på same måte.

Alma Halse etablerte barneheim, sjukeheim og psykiatrisk institusjon i Alta før, under og etter 2. verdskrig.

Og så er det alle dei andre, vanlege folk som til og med bur midt mellom oss. Då kan me trekkja fram Arnulf Øverland sine ord i diktet om redningsdåden på Hustadvika:

”Helter, hvem snakker om helter her? Det er jo folk som vi kjenner….”

Javisst, me kjenner dei. Og nokre gonger irriterer dei oss kanskje til og med når dei gir uttrykk for det mange vil oppfatta som ei naiv gudstro. Me vil jo så gjerne vera fornuftige, veit du. Ha kontroll etter vårt eige hovud.

Og for all del, gudstru er korkje uansvarleg eller lettvint. Det handlar berre om eit stadig aukande kjennskap til han som har skrive ut sjekkane, som har gitt sine løfte og ventar på at me skal ta dei til oss og opna oss for det han har å tilby oss.

Herren velsigne deg og bevare deg.

Herren la sitt ansikt lysa over deg og vere deg nådig.

Herren løfte sitt åsyn mot deg og gi deg fred!

Dagens Bibelord
Fleire andaktar
..., men sangen lever
Natt til søndag 25. oktober døde Arne Gundersen. Han var den siste gjenlevende av sangevangelist-duoen Egil og Arne. En lang og betydningsfull epoke i norsk vekkelseshistorie...
Kjendis for bønn
Nokre menneske har skrive seg inn i historia utan at dei var klar over det, berre fordi dei levde ekte og heilstøypte liv. Bolette Hinderlie blir hugsa fordi ho ba. Og...
I dag vil eg gjerne snakka med deg om bønn. Bønn er sjølve åndedrettet i eit levande kristenliv. 
Velsignelse som sprer seg
Jeg har et personlig forhold til tusenfryd. Blomsten minner meg om Guds velsignelse og om ringvirkningene av Guds gjerninger i enkeltpersoners liv.
Kalender
Lørdag 31. oktober,
11:00 Innsamling av klær til fattige i Ukraina
Filadelfia Auklandshamn, Parkeringsplassen ved Sveio kirke og Førde bedehus
Søndag 1. november,
17:00 SOS Ukraina-møte
Tale av Halvard Hasseløy. VIP Minutes for barna v/Lydia Stueland. Gave til Open...
Tirsdag 3. november,
17:00 Supertirsdag og RR
Onsdag 4. november,
19:00 Menighetsmøte
Fredag 6. november,
19:00 Fredag
For deg som går i 7. klasse og oppover.
Søndag 8. november,
12:00 Søndagsmøte
Tale av Kjetil Mæhle. VIP Minutes for barna v/Erna V. Andersen
Onsdag 11. november,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.
Søndag 15. november,
12:00 Søndagsmøte
Tale av Sveinung A. Andersen. VIP Minutes for barna.
Tirsdag 17. november,
17:00 Supertirsdag og RR
Onsdag 18. november,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.