Tankar om livet

- Sjå, han ber!

30.06.2020
I dag vil eg gjerne snakka med deg om bønn. Bønn er sjølve åndedrettet i eit levande kristenliv. 

Mange uten ei definert tru ber også. For mange år sidan las eg ei svensk undersøking som konkluderte med at det blei bedt meir utanfor dei svenske kyrkjene enn innanfor. Slik er det nok i Norge også.  Det gjeld vel særlig i usikre tider, når noko ekstra står på. ”I slik en nat, da får du bønner, Gud” skriv Henrik Wergeland i diktet ”Julaften”, som er ein del av ”Jøden”. Eg tippar at Gud har fått ekstra mange slike bønner nå under den unntakstilstanden som koronakrisa har skapt. 

Og Gud høyrer bønn, uansett bakgrunnen til den som ber. La oss dela eit avsnitt frå Bibelen, Ap. gj. 9, 10-12. Les gjerne dette bibelavsnittet før du les vidare her.

Du får inntrykk av at det er første gong mannen i forteljinga ber, ikkje sant? Det er oppsiktsvekkande i dette tilfellet, for mannen er den skriftlærde farisearen Saulus. Han hadde tatt trua på alvor frå ungdommen av, og hadde sikkert framsagt hundrevis av bønner.

Men å framseia bønner er ikkje det same som å be. Å lesa opp bønneformular kan bli eit rituale, men ikkje ekte bønn.

Ein gong høyrde eg den kjende svensk-austerrikske forkynnaren Johannes Amritzer fortelja si omvendingshistorie. Det var ein kristen ven som førte Johannes til Jesus. Han gjorde det på ein nokså tøff måte, og gav nærast Johannes ordre om å be. Først resulterte det i nokre tomme fraser, før hjelparen sa: ”Nå kan du begynna å be på rett!”

Saulus, i teksten vår, hadde hamna i Den rette gate. Sikkert bokstavelig, men også i overført betydning, ettersom han nå var komen i den posisjon at han for første gong hadde begynt å be på ekte. Saulus sine bønner i denne situasjonen var kanskje meir prega av håp enn tru. Det var fortvilte rop om hjelp frå ein som var komen til vegs ende og ikkje såg andre utvegar.

Forhistoria var at Saulus hadde hatt ei sterk åndelig oppleving like utanfor Damaskus. Blenda av eit sterkt lys hadde han rett og slett mista synet. Han som var van med å klara seg sjøl og ha kontrollen, måtte nå ha hjelp av andre til å orientera seg. Det som var endå meir alvorlig: Opplevinga hadde overbevist han om at han hadde tatt feil av Jesus og dei kristne. Han hadde forfølgt og medverka til drap på kristne i den tru at Jesus var ein forførar. Nå hadde den same Jesus snakka til han med lydeleg røyst og stilt han til ansvar.

Saulus kunne nok derfor ha grunn til å tvila på om det var hjelp å få i hans tilfelle. Me kan også tvila på det når me søkjer Gud og samtidig blir minna om alvorlege feil som me har begått.

Men Gud høyrer bønner prega av håp og hjelpeløyse også, berre dei kjem frå ein som ærleg ropar om hjelp. 

”Eg trur, hjelp mi vantru,” ropte ein fortvila far som valte Jesus som siste utveg for den sjuke sonen sin, Markus 9, 24. 

Faktum er at det å komma til Jesus med problemet sitt i ein desperat situasjon, er ei trushandling i seg sjølv.

Ananias, som kom til Saulus, veit me heller lite om.  Men han må ha vore eit bønnemenneske. For Gud snakka til han og gav han oppdrag. Bønn er tovegs kommunikasjon. Berre den som lever nær Gud i bønn, er i stand til å oppfatta den guddommelege leiinga på denne måten. Det betyr ikkje at Ananias syntest oppdraget var enkelt. Han visste litt om Saulus sin bakgrunn og om føremålet med besøket hans i Damaskus. Han visste at denne mannen ville dei kristne vondt. Men Gud visste meir. Han visste at det hadde skjedd ei avgjerande forandring med Saulus. Han hadde begynt å be. Og Ananias stolte så mykje på Gud at han tok utfordringa og gjekk. Det blei til frelse for Saulus, og til velsigning for heile den kristne kyrkja gjennom dei breva Saulus, eller Paulus, fekk formidla frå Gud til oss.  Desse breva utgjer ein vesentlig del av Det nye testamente. Og slik er det: Rekkevidda av at eitt enkelt menneske si omvending, kan vera enorm.

Saulus fekk eit nytt namn etter omvendinga. Han blei til Paulus. Det er fleire slike eksempel i Bibelen. Abram blei til Abraham, Sarai til Sara og Jakob til Israel. I dette ligg det nok også ein symbolikk, i tillegg til eventuelle lokale namneskikkar. Bibelen seier at om nokon er i Kristus då er han ein ny skapning. Det gamle er borte, alt (i Guds augo) er blitt nytt.

Eg vil gjerne avslutta med å lysa velsigninga over deg. Frå mi side er det eit godt ønske for deg, ei bønn om at du må få oppleva det aller beste. Du, på di side, har eit val om du vil opna deg for velsigninga og ta imot det Herren tilbyr deg.

Herren velsigne deg og bevare deg.

Herren la sitt ansikt lysa over deg og vera deg nådig.

Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred!

Dagens Bibelord
Fleire andaktar
..., men sangen lever
Natt til søndag 25. oktober døde Arne Gundersen. Han var den siste gjenlevende av sangevangelist-duoen Egil og Arne. En lang og betydningsfull epoke i norsk vekkelseshistorie...
Kjendis for bønn
Nokre menneske har skrive seg inn i historia utan at dei var klar over det, berre fordi dei levde ekte og heilstøypte liv. Bolette Hinderlie blir hugsa fordi ho ba. Og...
Rik nok
”Det var ein gong for lenge sidan, sånn omtrent forrige fredag.”
Velsignelse som sprer seg
Jeg har et personlig forhold til tusenfryd. Blomsten minner meg om Guds velsignelse og om ringvirkningene av Guds gjerninger i enkeltpersoners liv.
Kalender
Lørdag 31. oktober,
11:00 Innsamling av klær til fattige i Ukraina
Filadelfia Auklandshamn, Parkeringsplassen ved Sveio kirke og Førde bedehus
Søndag 1. november,
17:00 SOS Ukraina-møte
Tale av Halvard Hasseløy. VIP Minutes for barna v/Lydia Stueland. Gave til Open...
Tirsdag 3. november,
17:00 Supertirsdag og RR
Onsdag 4. november,
19:00 Menighetsmøte
Fredag 6. november,
19:00 Fredag
For deg som går i 7. klasse og oppover.
Søndag 8. november,
12:00 Søndagsmøte
Tale av Kjetil Mæhle. VIP Minutes for barna v/Erna V. Andersen
Onsdag 11. november,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.
Søndag 15. november,
12:00 Søndagsmøte
Tale av Sveinung A. Andersen. VIP Minutes for barna.
Tirsdag 17. november,
17:00 Supertirsdag og RR
Onsdag 18. november,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.