Weekenden på Solgry avlyst

Weekenden på Solgry avlyst

20.06.2019
Den planlagte menighetsweekenden på Solgry 17.-19. april er avlyst. Årsaka er smitteverntiltaka som er innførte for å hindra spreiing av koronaviruset.

Det er leiinga ved Solgry som har gjort vedtaket om avlysing, i dialog med ledarskapet på Filadelfia. Ingen av oss reknar med at regjeringa vil tillata normal drift ved leirstader like over påske, sjølv det er varsla justeringar i smitteverntiltaka. Når det igjen kan bli snakk om menighetsweekend, får me koma tilbake til.

Mark Wootton, som skulle vore gjestetalar laurdag føremiddag på weekenden, håpar me å få besøk av - med same tema - i ein annan samanheng. Og Robert Bauge, som skulle talt på avslutningsmøtet søndag, blir i staden å høyra i Filadelfia sitt nettmøte same dag. Altså søndag 19. april.

Kalender
Fredag 10. April,
12:00 Møte på nett
Tale ved Einar Vestvik
Søndag 12. April,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale ved Oddvar Bauge