Kjekk start på Supertirsdag denne hausten

Kjekk start på Supertirsdag denne hausten

04.10.2020
Las du om hesteglede på Supertirsdag i Vestavind torsdag 1. oktober? Me kan stadfesta at både to- og firbeinte koste seg då Supertirsdag hadde si første samling i haust.

Astrid Karin og Hans Ole Strand hadde tatt med seg dei to hestane og eselet sitt frå Lier. Med seg hadde dei også vogn til den eine hesten og salar til dei to andre dyra. Alle som ville, fekk prøva riding. Dei fekk også kvar sin tur i hestevogna med Hans Ole som kusk. Bollene og safta som høyrer med til Supertirsdag, blei serverte ute denne fine tirsdagskvelden. Og hestane og eselet fekk visst smaka på linje med dei ivrige gutane og jentene som var med.

Supertirsdag har vanlegvis samlingar annakvar tirsdag for born opp til og med tredje klasse. På grunn av haustferien blir neste samling 20.oktober. Hesteriding blir ikkje ein vanleg aktivitet kvar gong, men det blir også mange andre kjekke aktivitetar å vera med på. Nokre av desse aktivitetane blir eit tilbod kvar gong, andre er eingongshendingar. Sentralt kvar gong blir forteljingane om Jesus. Barn og vaksne får også læra å bry seg om andre ved at det kvar gong blir samla inn pengar til Open Heart sitt hjelpearbeid i Ukraina.

Kalender
Søndag 29. november,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Delemøte. VIP Minutes v/Lydia Stueland
Tirsdag 1. desember,
17:00 Supertirsdag juleavslutning
Onsdag 2. desember,
19:00 Menighetsmøte
Søndag 6. desember,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Einar Vestvik. Tema i adventtida: "Forventning".
Onsdag 9. desember,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.
Søndag 13. desember,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Lillian Lund Vestvik
Onsdag 16. desember,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.