Smitteverntiltak - Covid19

Oppdatert 16. april 2021

Me kan ha inntil 100 personar til stades på våre samlingar. Når du kjem vil me registrere namn og telefonnummer. Opplysningane blir lagra i to veker. Du vil få tilvist ein fast sitjeplass, og for at me skal kunne utnytte plassen best mogeleg, må alle frå same husstand sitje samla.

Det er plassert ut dispenser med handsprit ved inngangen. Hugs å halde minst ein meter avstand til personar utanom eigen husstand. Dette gjeld også på veg inn og ut av lokalet, og me ber om at ingen stoppar i gangen for å prate, då det lett fører til kø og problem med å halde avstand.

Me ber om at alle vaksne brukar munnbind på veg inn og ut av lokalet.

Me følgjer nasjonale og lokale råd og reglar, inkludert rettleiaren for smittevern som er utarbeida av Noregs Kristne råd.

Powered by Cornerstone