Supertirsdag

Tirsdagar i oddetalsveker kl 17-19.

Velkommen på Supertirsdag! Supertirsdag er eit tilbod for barn opp til og med 3. klasse. For dei som er over 3. klasse er det eit eige tilbod: RR - Royal Rangers, som går parallelt med Supertirsdag. Skulle det likevel være nokon i 4.-7. klasse som ikkje ynskjer å være med på RR, kan dei halde fram på Supertirsdag, om dei ynskjer det.

Som tidligare vil barna under skulealder være i ei eiga gruppe. Dei tek vanligvis til med leik i gymsalen, før det er samling med song og Bibel-forteljing i kjellaren på Filadelfia. Til slutt blir det bollar og saft, saman med 1.-3.klasse gruppa, oppe i "mat-salen". Barn under 3 år må ha med seg føresett / annan vaksen.

Skuleborna har samlingane sine oppe i møtesalen, med song, Bibel-forteljing og konkurranse. Etter samlinga går barna i aktivitetsgrupper. Gruppene dei kan velge mellom er lego, hobby eller gymsalen. Etter aktivitetsgruppene er det bollar og saft, saman med dei minste borna.

Kvar Supertirsdag blir det samla inn pengar til Open Heart sitt arbeid i Ukraina (under samlingane), så dei som ynskjer å være med å gi kan sende pengar med barna til dette.

Me ber om innbetaling av medlemskontingent, 50 kr. pr. år, ved registrering. Det vil sitje nokon ved  eit bord ute i gangen og ta seg av dette, og det er mulighet for både kontant betaling og betaling med bankkort.

 

Hovudleiar/kontaktperson 1.-3. klasse: Ruth Linda Årre

Hovudleiar/kontaktperson for dei under skulealder: Lydia Stueland

Dette er VIP Minutes
I annonser om omtale av møte på Filadelfia kan du ofte lesa at VIP Minutes er eitt av innslaga på programmet. VIP Minutes? Her er forklaringa.
Les meir
Kalender
Søndag 24. November,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tale av Åshild Bauge. VIP Minutes og Små Juveler for barna
Onsdag 27. November,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 1. Desember,
17:00 Me tenner julegrana i Auklandshamn
Samarbeidsprosjekt med Auklandshamn bygdalag, Auklandshamn idrettslag, Eikeland musikkorps...
Tirsdag 3. Desember,
17:00 Felles juleavslutning for barnearbeidet på Filadelfia
Siste samling i 2019, for BiA, Supertirsdag og RR. Foreldre og andre som har lyst...
Onsdag 4. Desember,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 8. Desember,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
VIP Minutes og Små Juveler for barna
Onsdag 11. Desember,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 15. Desember,
12:00 Søndagsmøte
VIP Minutes og Små Juveler for barna