BiA - Barnekoret i Auklandshamn

Det nye barnekoret starta på Filadelfia 1. september. Heile 24 barn møtte til første øving. Koret øver tirsdagar i partalsveker kl. 17-18, og passar for deg som er frå 3 år, til og med 3. klasse.

Ruth Linda Årre er leiar/kontaktperson. Medleiarar: Oddrun Jacobsen, Lydia Stueland

Hovudmålgruppe for koret er, som det står over, frå 3 år tom. 3. klasse, men det vil være ope for både mindre og større barn, dersom dei har lyst. Barn under 3 år må være i følgje med føresett / annan vaksen.

På øvingane kjem me til å starte med ei øvings-økt, før det blir ein pause der det blir Bibel-forteljing og leik. Så sluttar me av med ei ny øvings-økt. Nokre gonger kosar me oss litt ekstra i pausen, med noko godt å ete. :)

Me baserer oss mykje på singback, så då er det jo også ein moglegheit å skaffe CD'ar og øve heime, om ein vil det.

Me har laga ei hemmelig FB-side til barnekoret, der me kan leggje til føresette til barn som er med i koret. Her vil det bli lagt ut song-oppdrag og andre beskjedar. (Føresette som ikkje er på FB vil sjølvsagt få beskjed på annan måte.)

Me ber om innbetaling av kontingent, 50 kr. pr. år, ved registrering.

Kalender
Onsdag 18. September,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 22. September,
11:00 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tale av Mark Wootton. VIP Minutes og Små Juveler for barna
Tirsdag 24. September,
17:00 Supertirsdag
Samling for barn / junior, med Bibel-forteljing, song, aktivitetar. Bollar og saft...
Onsdag 25. September,
19:00 Bibel og bønn
Lørdag 28. September,
09:30 Felleskristen bønnefrokost
Felleskristen bønnefrokost på Soknehuset i Sveio sentrum
Søndag 29. September,
11:00 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tale av Åshild Bauge. VIP Minutes og Små Juveler for barna
Onsdag 2. Oktober,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 6. Oktober,
11:00 Bønn før søndagsmøte