Glede over julegåver i Cochabamba

Glede over julegåver i Cochabamba

18.01.2021
Pengane frå Filadelfia til julefeiring ved barneheimane El Archa og Rosa de Sarón blei også denne gongen til stor glede, fortel Solveig og Jörgen Wrengbro.

Dei leiar Barnens RäddningsArk som driv dei to barneheimane i storbyen Cochabamba i Bolivia. Filadelfia i Auklandshamn  har i mange år støtta desse barneheimane, i 2020 med 20.000 kroner. E-posten frå Solveig og Jörgen stadfestar at pengane kjem godt med, og at barneheimane samstundes betyr ein stor forskjell i mange foreldrelause barn sine liv. 2020 har vore eit svært utfordrande år. Bolivia er hardt råka av korona-epidemien, samstundes som landets helsevesen og sosiale hjelpeapparat ikkje er i stand til å takla slike kriser på same måte som hos oss.

Solvieg og Jörgen Wrengbro frå Sverige var misjonærar i Bolivia på slutten av 1980- og byrjinga av 1990-talet. Den var i denne perioden dei starta arbeidet blant gatebarn. Barnens RäddningsArk blei etablert i august 1991 og har såleis 30-årsjubileum til sommaren. Dei første som flytta inn er nå vaksne, mange av dei har fått god utdanning og ei heilt anna framtid enn dei ville hatt om dei hadde blitt verande på gata.

Alle på adresselista vår har fått e-posten frå Solveig og Jörgen tilsendt. Den inneheld også eit stort tal bilde, inkludert det me tar med her.

Kalender
Søndag 7. mars,
12:00 Vinterferie - ikkje møte
Onsdag 10. mars,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 14. mars,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale av Robert Bauge, VIP Minutes v/Erna Vestvik Andersen
Tirsdag 16. mars,
17:00 Supertirsdag
Onsdag 17. mars,
19:00 Bibel og bønn
Fredag 19. mars,
19:00 Fredag
Søndag 21. mars,
16:00 Årsmøte
Årsmøtet blir gjennomført på vilkår av at det igjen blir råd å samlast fysisk...
Onsdag 24. mars,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 28. mars,
12:00 Gudsteneste-palmesøndag
Tale av Sveinung A. Andersen, VIP Minutes v/Erna V. Andersen
Onsdag 31. mars,
19:00 Bibel og bønn