I ei melding fortel dei mellom anna frå eit besøk dei nyleg gjorde hos familien som eit team frå Auklandshamn bygde hus for i påska 2019. Denne familien har verkeleg tatt vare på det dei har fått, skriv misjonærane. Dei har fått oppgradert kjøkkenet sitt, og mor i huset bakar kaker som ho sel for å tena pengar. Faren jobbar også hardt, difor har dei nå også sett seg råd til å starta på eit påbygg til huset slik at dei på sikt kan få eitt ekstra rom. Så langt er det berre grunnarbeidet som er utført på tilbygget. Familien er svært takksame for hjelpa frå Norge. Dei har bilde av byggegjengen på veggen og ber kvar dag for desse og forsamlinga i Auklandshamn som finansierte huset deira, fortel Telhaug.

Tar godt vare på "Auklandshamn-huset" i Mexico
25.11.2020
Vibeke og Aslak Telhaug og barna deira - misjonærfamilien som me støttar i Tihuana, Mexico - har oppløftande nytt å fortelja frå arbeidet sitt. Sjølv om covid-19 har snudd opp-ned på kvardagen.