195.000 kroner til Open Heart og Ukraina

195.000 kroner til Open Heart og Ukraina

02.11.2020
Me selde 15.600 lodd og fekk inn litt under 400 sekker med klede, sko og julegåver. I alt kom det inn 195.000 kroner i fraktpengar, loddsal og gåver.

Økonomisk er dette det beste innsamlingsresultatet nokon gong sidan me starta med innsamlingar til Open Heart sitt arbeid i 1995. Det er ekstra gledeleg at me nådde eit slikt resultat nettopp i 2020, eit år prega av begrensningar her heime på grunn av smitteverntiltaka, og eit endå større behov for hjelp i Ukraina der også koronaepidemien herjar.

Når det gjeld klede, har me helst fått inn mindre enn før. Det kan sjølvsagt skuldast smitteverntiltaka, men også at det i dag er fleire som tek imot brukte klede. Me kan berre appellera til alle som har klede til overs, at behovet framleis er stort i Ukraina. Me set difor stor pris på alle som trufast fyller opp sekker gjennom året og kjem med dei på innsamlingsdagen neste år.

Mange har vore med og medverka til dette flotte resultatet: Loddkjøparar, alle som har pakka sekker med klede og kome med dei til innsamlingsstadene, sponsorar av alle slag og, ikkje minst, alle medhjelparane som har vore aktive på ulike plasser under  heile aksjonen. Medarbeidarane er i alle aldrar. Me lar fire ungdommar representera gruppa på vedlagte bilde. F.v. Magnus, Sivert, Daniel og Lukas gjorde ein god innsats både under klesinnsamlinga i Sveio sentrum og under omlastinga av sekker på Bakarøynå i Haugesund seinare laurdag ettermiddag. Alle sekkene frå Sveio blei der lasta om bord i ein semitrailer som allereie er på veg til Ukraina.

Takk til dykk alle! Me ber også om at hjelpesendinga må koma trygt fram til dei som treng det aller mest.

Kalender
Onsdag 20. januar,
19:00 Bibel og bønn AVLYST
Søndag 24. januar,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale av Kjell Haltorp. VIP Minutes v/Lydia Stueland.
Onsdag 27. januar,
19:00 Bibel og bønn
Maks. ti deltakarar. Påmelding til post@pfa.no
Søndag 31. januar,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale av Sveinung A. Andersen. VIP Minutes v/Lisbeth B. Våbenø
Onsdag 3. februar,
19:00 Bibel og bønn
Maks. ti deltakarar. Påmelding til post@pfa.no
Søndag 7. februar,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale av Astrid Karin Strand. VIP Minutes v/Lydia Stueland
Onsdag 10. februar,
19:00 Bibel og bønn
Maks. ti deltakarar. Påmelding til post@pfa.no
Søndag 14. februar,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale av Robret Bauge. VIP Minutes v/Erna V. Andersen.
Onsdag 17. februar,
19:00 Bibel og bønn
Maks. ti deltakarar. Påmelding til post@pfa.no
Søndag 21. februar,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale av Åshild Bauge. VIP Minutes v/Astrid Karin Strand