Har forsynt 4.000 familiar med mat og andre varer

Har forsynt 4.000 familiar med mat og andre varer

13.09.2020
Vibeke og Aslak Telhaug har sendt oss eit nytt nyhendebrev om arbeidet sitt i Mexico. Her fortel dei mellom anna om matutdeling til fattige. 4.000 familiar har så langt fått hjelp gjennom Homes of Hope.

Kvardagen har endra seg mykje på basen, der det til vanleg er eit yrande liv av studentar på disippeltreningsskule og frivillige frå mange kantar av verda som kjem for å byggja hus. Nå er det pause i desse aktivitetane, medan dei tilsette konsentrerer seg om å hjelpa fattige som har fått det endå vanskelegare på grunn av koronapandemien. Mange har for eksempel mista jobben og den vesle inntekta dei hadde. Gåver frå mange land har gjort hjelpearbeidet mogleg

I brevet fortel misjonærane også at mange er blitt meir opptekne av relasjonane sine til Gud og kvarandre i den krisetida som er nå. Dette er noko som blir verdsett svært høgt og lovar godt for framtida.

På basen har Aslak fått tid til ein del vedlikehaldsarbeid Drifta av basen er også ei økonomisk utfordring, nå som inntektene i stor grad har uteblitt.

Heile nyhendebrevet er sendt på e-post til dei som står på kontaktlista vår.

 

Kalender
Fredag 25. september,
19:00 Fredag
For deg som går i 7. klasse og oppover.
Søndag 27. september,
12:00 Søndagsmøte
Tale av Mark Wootton. VIP Minutes for barna v/Lydia Stueland. Sang av Sela. Små...
Onsdag 30. september,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.
Søndag 4. oktober,
12:00 Søndagsmøte
Besøk av Irene Vestvik. VIP Minutes for barna v/Lillian L. Vestvik
Onsdag 7. oktober,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.
Søndag 11. oktober,
12:00 Søndagsmøte
Tale av Åshild Bauge. VIP Minutes for barna v/Per S. Wathne
Onsdag 14. oktober,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.
Søndag 18. oktober,
00:00 Søndagsmøtet avlyst
Ikkje søndagsmøte i dag pga tentroavslutning.
Tirsdag 20. oktober,
17:00 Supertirsdag og RR
Onsdag 21. oktober,
19:00 Bibel og bønn
Bønn, bibelundervisning, vitnesbyrd, samtale.