Velkommen til onsdagsmøter på Filadelfia

Velkommen til onsdagsmøter på Filadelfia

11.05.2020
Onsdag 13. mai starta me igjen med onsdagsmøte på Filadelfia. Kommande onsdag, 3. juni, blir det mellom anna nattverd.

Det blir altså nye onsdagsmøte kvar veke fram til og med 10. juni, i første omgang. På søndagar held me fram med møte på nettet fram til og med 14. juni. Dersom styresmaktene opnar for større forsamlingar etter det, blir det vanlege søndagsmøte på Filadelfia. Om ikkje,kjem me tilbake til spørsmålet om tilbod på nettet i sommarferien.

For å samlast på ein trygg  måte må me oppfylla visse krav til hygiene og avstand til kvarandre.  Me ber alle som vil delta på onsdagsmøta lesa gjennom og merka seg følgjande:

Frå og med onsdag 13. mai startar me opp igjen med møte på Filadelfia.

Styresmaktene har gitt grønt lys for forsamlingar med opp til 50 deltakarar, så sant strenge smitteverntilbak blir gjennomførte. Norges Kristne Råd har utarbeidd ein smittevernvegleiar som Pinsebevegelsen sitt leiarråd stilt seg bak. Den vil me også følgja på Filadelfia.

Me har valt å starta opp med onsdagsmøte først, medan me held fram med søndagsmøte på nett i alle fall til 14. juni. Onsdagsmøta – Bibel og bønn – samlar til vanleg langt under 50 deltakarar.  Frå 13. mai til 10. juni vil me leggja opp onsdagsmøta heilt annleis enn Bibel og bønn, og håpar på større deltaking frå ulike aldersgrupper. Det blir plass til både tale og sang, personlege vitnemål og bønn. Og du er så velkommen!

For å ta vare på kvarandre, er det likevel nokre reglar som er viktige å følgja:

1. For det første, dersom du er sjuk eller kjenner på symptom som tyder på at du er i ferd med å bli sjuk, kan du diverre ikkje delta på møtet.

2. For det andre, god hygiene er viktig. Difor vil du få tilbod om handsprit  ved inngangen. Me ber alle ta imot dette tilbodet, både for eigen tryggleik og av omsyn til andre.

3. God avstand er også viktig. Me kan ikkje handhelsa på kvarandre i denne tida, og stolane i møtesalen blir oppstilte med minst ein meter avstand frå kvarandre. Folk frå same husstand kan og skal likevel å sitja nærare kvarandre under møtet.

4. Den fjerde houvudregelen er at me i minst mulig grad berører felles inventar og  utstyr inne i lokalet. Bruk av huset sine sangbøker blir difor ikkje tillatt. Fellessangar blir viste på veggen via projektor. 

Det er dessutan viktig å merka seg at me er pålagde å føra namnelister over deltakarar på møta våre i denne perioden. Namnelistene blir lagra på ein trygg stad, og kan bli utleverte til helsestyresmaktene på førespurnad fråd ei dersom dette er nødvendig i samband med smittesporing. Listene blir lagra så lenge styresmaktene bestemmer, men blir deretter destruerte.

Viktig informasjon om smitteverntiltak blir elles gitt på det enkelte møtet.

Styresmaktene stiller også krav om ein ansvarleg arrangør. I vårt tilfelle er det ledarskapet ved leiar Einar Vestvik.

Kalender
Onsdag 3. juni,
19:00 Onsdagsmøte
Tale, sang, vitnemål, bønn. NB! Hugs smittevernreglane!
Søndag 7. juni,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale av Sveinung Andersen. VIP Minutes ved Lisbeth Børven Våbenø.
Onsdag 10. juni,
19:00 Onsdagsmøte
Tale av Laila Bauge, sang, vitnemål, bønn. NB! Hugs smittevernreglane!
Søndag 14. juni,
12:00 Søndagsmøte på nett
Tale av Oddvar Bauge. VIP Minutes ved Ruth Linda Årre.