Og lyttarane/sjåarane reagerte spontant! Resultatet av innsamlinga blei 24.100 kroner. Pengane er nå overførte til Open Heart og vil, etter det Halvard sjølv sa i intervjuet, bli brukt til å kjøpa matvarer for utdeling til dei aller fattigaste i Ukraina. Me vil takka alle som var med og støtta dette viktige arbeidet.
Følg oss gjerne vidare i våre søndagsmøte på nett. Du får lytta til solid forkynning, og sang og spennande gjester. Søndagsmøta blir publiserte på Facebook, YouTube og pfa.no kvar søndag klokka 12.00 i alle fall fram til og med 14. juni.