20.000 kroner  til hardt pressa barneheimar i Bolivia

20.000 kroner til hardt pressa barneheimar i Bolivia

17.12.2019
I år som tidlegare har me på Filadelfia gitt ei julegåve til to barneheimar i Bolivia. Gåva var på 20.000 kroner. Godt og vel 14.000 kroner av dette blei dekka av gåver og to kollektar.

Innsamlinga skjedde på møtet julaftan og på juletrefesten i romjula. Resultatet blei altså i eit samla beløp på rundt 14.096 kroner, for å vera heilt nøyaktig. Resten av totalsummen på 20.000 er dekka av midlar frå Filadelfia sin misjonskasse. Pengane i misjonskassen er også samla inn i forsamlinga, gjennom månadlege kollektar. Dei månadlege misjonsoffera, som dei gjerne blir alla, dekkar elles forsamlinga sine faste bidrag til misjonsarbeid i Ukraina, Mexico og Israel.

Barneheimane i El Archa og Rosa de Saron i Cochabamba, Bolivia blir drivne av Barnens RädningsArk, leia av den svenske misjonsmannen Jörgen Wrängbro. Jörgen har fleire gonger besøkt oss på Filadlefia og fortalt om arbeidet. Fleire frå Filadelfia har også vore i Bolivia og besøkt barneheimane. I samarbeid med Mersmak-bakarmeisteren Kåre Sørdal i Haugesund har me også vore med på å etablera eit lite bakeri ved Rosa de Saron. Bakeriet blir brukt både til opplæring og til å forsyna barneheimane med bakarvarer.

Takk til alle som støtta innsamlinga til julegåva i 2019.

Kalender
Onsdag 22. Januar,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 26. Januar,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Oddvar Bauge. VIP Minutes og Små Juveler for barna.
Tirsdag 28. Januar,
17:00 Supertirsdag
Barne- /juniorsamling, open for alle. Barn under 3 år må være i følgje med vaksen....
Onsdag 29. Januar,
19:00 Medlemsmøte (menighetsmøte)
Spesielt denne gongen: Undervisning v/John Ivar Trannum.
Fredag 31. Januar,
19:00 FREDAG
Ungdoms-samling, frå 7. klasse. Andakt, matservering, kiosk og ulike aktivitetar.
Lørdag 1. Februar,
09:30 Felleskristen bønnefrukost
Felleskristen bønnefrukost på Filadelfia.
Søndag 2. Februar,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Alexis Lundh. VIP Minutes og Små Juveler for barna. Kollekt til menighetsarbeidet.
Tirsdag 4. Februar,
17:00 BiA - øving
Øving med BiA; Barnekoret i Auklandshamn. Åpent for alle. Barn under 3 år må...