Profetordet og Jesu gjenkomst i fokus på Filadelfia

Profetordet og Jesu gjenkomst i fokus på Filadelfia

07.10.2019
Fredag 18. og søndag 20. oktober får me besøk av Terje Berg på Filadelfia i Auklandshamn. Han vil denne gongen undervisa om profetordet og Jesu gjenkomst.

Fredag 28.10. startar bibeltimen kl 19.00. Søndag startar møtet kl 12.00. Her blir det undervisning i to økter, med ein liten pause mellom. Litt annleis enn eit anna søndagsmøte, altså, men noko blir likt. For eksempel blir det både VIP Minutes og Små Juveler for barna.

Terje Berg er ein av Pinsebevegelsen sine mest profilerte, eldre forkynnarar og skribentar. Han fylte nettopp 70 år og blei i den samanheng portrettert i Korsets Seier. Her fortalte han blant anna om korleis han i unge år blei fullstendig helbreda for kreft. Terje Berg har vore pastor og medpastor mellom anna i Bergen, Sarpsborg og Halden.

Som bibellærar har Terje Berg fleire favorittemne. Jesu gjenkomst er eitt av dei, men mange vil også hugsa at han besøkte oss i fjor og underviste om Den Hellige Ånd og nådegåvene.

Som i fjor samarbeider Filadelfia denne gongen også med Klippen, Bremnes om Terje Berg sitt besøk. Det inneber at han heile laurdagen og søndag kveld underviser om same tema på Bømlo.

 

Kalender
Fredag 18. Oktober,
19:00 Bibeltime - temasamling
Tema: Tidens tegn varsler Jesu gjenkomst. Bibelundervisning v/Terje Berg
Søndag 20. Oktober,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tema: Tidens tegn varsler Jesu gjenkomst. Tale av Terje Berg. Dobbelt-bibeltime med...
Tirsdag 22. Oktober,
17:00 Supertirsdag
Samling for barn / junior, med Bibel-forteljing, song, aktivitetar. Bollar og saft...
Onsdag 23. Oktober,
19:00 Bibel og bønn
Lørdag 26. Oktober,
10:00 Innsamlingsaksjon SOS Ukraina
Innsamling av klede og sko til fattige i Ukraina i samarbeid med stiftinga Open...
Søndag 27. Oktober,
16:00 Storbasar - SOS Ukraina
Appell v/Halvard Hasseløy. Lodd- og åresalg. Mange flotte gevinstar.
Onsdag 30. Oktober,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 3. November,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tale av Roald Lidal, informasjon om New Life Ministries sitt arbeid. VIP Minutes...