Menighetsweekend 2020: Solgry 17.-19. april

Menighetsweekend 2020: Solgry 17.-19. april

20.06.2019
Tid og stad for Filadelfia sin menighetsweekend neste år er bestemt: Datoane du må setja av er 17.-19. april. Reisemålet er Solgry.

Med andre ord: Me satsar ultra lokalt denne gongen. Ved å satsa på leirstaden midt i Sveio, blir reisetid og -avstand minimal. Me kan få meir tid saman, fleire kan få sjanse til å bli med, og det blir også lettare for dei som - av ein eller annan grunn - berre kan delta på dagtid. Kanskje kan eitt eller to møte vera heilt opne for alle som ønskjer å delta.

Ikkje misforstå. Målet og tanken bak weekenden er framleis at flest mogleg skal delta heile tida, og også overnatta. Me trur dette er viktig for å utvikla vennskap og relasjonar til kvarandre. Men livssituasjonar kan vera så ulike. Frå tid til annan treng me fleksible løysingar. Derfor vil me tilby ulike alternativ, slik me også gjorde på Brandøy i vår.

Program, tema og val av forkynnarar er ikkje på plass enno. Målet er også denne gongen å tilby opplegg for alle generasjonar. 

Kalender
Onsdag 22. Januar,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 26. Januar,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Oddvar Bauge. VIP Minutes og Små Juveler for barna.
Tirsdag 28. Januar,
17:00 Supertirsdag
Barne- /juniorsamling, open for alle. Barn under 3 år må være i følgje med vaksen....
Onsdag 29. Januar,
19:00 Medlemsmøte (menighetsmøte)
Spesielt denne gongen: Undervisning v/John Ivar Trannum.
Fredag 31. Januar,
19:00 FREDAG
Ungdoms-samling, frå 7. klasse. Andakt, matservering, kiosk og ulike aktivitetar.
Lørdag 1. Februar,
09:30 Felleskristen bønnefrukost
Felleskristen bønnefrukost på Filadelfia.
Søndag 2. Februar,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Alexis Lundh. VIP Minutes og Små Juveler for barna. Kollekt til menighetsarbeidet.
Tirsdag 4. Februar,
17:00 BiA - øving
Øving med BiA; Barnekoret i Auklandshamn. Åpent for alle. Barn under 3 år må...