Misjonsarbeid i mange land

Misjonsarbeid i mange land

12.06.2019
Kjenner du til alt misjonsarbeidet som blir støtta frå Pinsemenigheten Filadelfia i Auklandshamn? Flagga som representerer misjonslanda våre, kan vera til hjelp.

Det norske flagget til venstre understrekar kor me høyrer heime. Samstundes minner det oss om at Norge også er eit misjonsland, og vil vera det så lenge det finst nordmenn som ikkje kjenner Jesus som sin personlege frelsar. Vårt primære arbeidsområde her heime er Sveio kommune, dernest Haugalandet. Ut frå basen vår i Auklandshamn driv me eit omfattande menighetsarbeid for barn og vaksne. Mykje skjer i kyrkjebygget vårt, Filadelfia. Men me har også lifegrupper rundt om i kommunen, og ønskjer endå fleire.

Israel er ikkje berre landet det Jesus levde medan han var på jorda, men har også ei særstilling i Guds auge til alle tider. Samstundes lærer Bibelen oss at den same frelsesvegen gjeld for jødar som for alle andre folkeslag, nemleg gjennom Jesus Kristus. Få, men eit aukande tal israelarar vender seg i dag til Jesus. Norske pinsevenner er til stades i Israel gjennom det arbeidet som tidlegare bar namnet Norske Pinsevenners Arbeid i Israel, NPAI. Dette arbeidet har nå fått  namnet Hjerte for Israel. Søsterringen på Filadelfia (ei av lifegruppen) samlar inn pengar til Hjerte for Israel. Menigheten har garantert at den årlege støtta skal vera på minst 10.000 kroner.

Mexico har dei siste åra segla opp til å bli eitt av dei viktigaste misjonsfelta våre. Årleg støttar menigheten misjonærane Vibeke og Aslak Telhaug med 80.000 kroner. Vibeke og Aslak arbeider gjennom Ungdom i Oppdrag. I 2019 blir innsatsen i Mexico monaleg større gjennom prosjektet der eit team frå Filadelfia var i Mexico i påskehelga og bygde hus for ein fattig familie. I alt ser sluttrekninga for mexicoprosjektet til å bli på rundt 167.000 kroner. I tillegg betalte alle teamdeltakarane reiseutgiftene sjølve.

Frankrike er eitt av dei mest sekulariserte landa i Europa. I ein toårsperiode støttar me Stine Hølleland med 20.000 kroner per år medan ho arbeider for organisasjonen Jesus2Europe i den franske hovudstaden.

Ukraina er  landet der menigheten gjennom mange år har gjort den største misjonsinnsatsen, målt i kroner og øre. I samarbeid med Halvard Hasseløy og stiftiga Open Heart samlar me kvar haust inn brukte klede og pengar til naudhjelparbeid. Dei siste åra har me i Sveio fått inn 140.000-160.000 kroner kvart år, i tillegg til 600-800 sekker med klede. I tillegg til dette støttar me årleg Open Heart sine barneleirar i Ukraina med 20.000 kroner.

Bolivia var lenge det viktigaste misjonslandet vårt, medan Laila og Oddvar Bauge var misjonærar der (1979-1991). Seinare har me støtta ulike prosjekt i Bolivia. Nå avgrensar dette seg til to område: Kvar jul samlar me inn pengar til to barneheimar i Cochabamba. Desse barneheimane tilhøyrer organisasjonen Barnas Redningsark, leia av den svenske misjonnæren Jörgen Wrängbro. I tillegg til desse julegåvene. Gir me ei fast årleg støtte til Laila og Oddvar sin tidlegare evangelist-medarbeidar Martha Pinto. Oddvar Bauge er leiar for Pinsemisjonen sitt landutvalg for Bolivia.

Kina er også representert i flaggborga. Menigheten er med i Bønnetjenesten for Kina, og mange er interessert i kinaarbeidet gjennom kontakt med folk som er med på å distribuera biblar over grensa til verdas mest folkerike land (1,4 milliardar) og verdas største kommunistiske diktaturstat.

Be for alt arbeidet som desse sju flagga framme i forsamlingshuset vårt representerer!

Kalender
Fredag 18. Oktober,
19:00 Bibeltime - temasamling
Tema: Tidens tegn varsler Jesu gjenkomst. Bibelundervisning v/Terje Berg
Søndag 20. Oktober,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tema: Tidens tegn varsler Jesu gjenkomst. Tale av Terje Berg. Dobbelt-bibeltime med...
Tirsdag 22. Oktober,
17:00 Supertirsdag
Samling for barn / junior, med Bibel-forteljing, song, aktivitetar. Bollar og saft...
Onsdag 23. Oktober,
19:00 Bibel og bønn
Lørdag 26. Oktober,
10:00 Innsamlingsaksjon SOS Ukraina
Innsamling av klede og sko til fattige i Ukraina i samarbeid med stiftinga Open...
Søndag 27. Oktober,
16:00 Storbasar - SOS Ukraina
Appell v/Halvard Hasseløy. Lodd- og åresalg. Mange flotte gevinstar.
Onsdag 30. Oktober,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 3. November,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tale av Roald Lidal, informasjon om New Life Ministries sitt arbeid. VIP Minutes...