Besøk av Sjustjerna og Dag Øyvind Juliussen

Besøk av Sjustjerna og Dag Øyvind Juliussen

04.06.2019
Onsdag 11. september blir ein heilt spesiell dag på Filadelfia. Då har me for første gong invitert Sjustjerna på besøk. Dessutan får me besøk av Dag Øyvind Juliussen.

Dag Øyvind Juliussen (bildet) representerer Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (IKEJ) i Norge og skal undervisa om temaet "Israel i Guds frelsesplan". Undevisninga blir todelt, med ein matpause mellom. Slik brukar nemleg Sjustjerna å ha det på sine møte. Første undervisningsbolken blir ein gjennomgang av det Bibelen seier om temaet. I andre del kjem Juliussen til å oppdatera oss på dagens situasjon og siste nytt frå Israel.

Sjusterna er eit samarbeid mellom ein del bedehus i Sveio. Samlingane deira brukar å gå på omgang mellom medarrangørane. Pinsemenigheten Filadelfia er ikkje ein del av Sjustjerna-samarbeidet, men har sagt seg villig til å arrangera det første møtet i haustsemesteret 2019.

Og lat oss seia det med ein gong: Dette er ikkje berre for sveibuar, og slett ikkje berre for dei som soknar til Filadelfia og Sjustjerna sine venneflokkar. Alle med interesse for temaet, gjerne frå heile Haugalandet og Sunnhordland er hjarteleg velkomne. Derfor publiserer me også meldinga om Dag Øyvind Juliussen sitt besøk så tidleg - for å gi deg ein sjanse til å leggja dette inn i planane dine for veke 37 i september. Me kjem tilbake med meir informasjon når dagen nærmar seg.

Kalender
Søndag 25. August,
12:00 Søndagsmøte
Tale av Juan Alanis. VIP Minutes og Små Juveler for barna.
Tirsdag 27. August,
17:00 Supertirsdag
Samling for barn / junior, med Bibel-forteljing, song, aktivitetar. Bollar og saft...
Onsdag 28. August,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 1. September,
12:00 Me feirar Tabernaklets 100-årsjubileum
Søndag 1. september blir det ikkje møte på Filadelfia. Me deltek på 100-årsjubileet...
Onsdag 4. September,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 8. September,
11:00 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
VIP Minutes og Små Juveler for barna
Tirsdag 10. September,
17:00 Supertirsdag
Samling for barn / junior, med Bibel-forteljing, song, aktivitetar. Bollar og saft...
Onsdag 11. September,
19:00 Bibeltime saman med Sjustjerna
Dobbelt-bibeltime v/Dag Øyvind Juliussen fra Internasjonale kristne ambassade Jerusalem. Matpause....
Søndag 15. September,
11:00 Bønn før søndagsmøte