Gripande Mexico-inntrykk

Gripande Mexico-inntrykk

12.05.2019
Flesteparten av dei 25 deltakarane på påsketuren til Mexico, var med på møtet på Filadelfia søndag 12. mai. Der delte dei sterke og gripande inntrykk frå turen og husbygginga dei var med på.

Ein del av borna og dei vaksne fortalte først om turen og kva som hadde gjort størst inntrykk på dei. Det er tydeleg at opplevingane har sett varige spor hos deltakarane. Deretter viste dei ein film som var sett saman av glimt frå møtet med misjonærane Vibeke og Aslak Telhaug, byggeprosessen og overleveringa til familien som på denne måten fekk oppfylt eitt av sine største bønneemne. Mange  auge i salen var våte då familien sine reaksjonar blei viste mot slutten av filmen.

Det blei også vist ei videohelsing som misjonær Aslak Telhaug har sendt oss etter at teamet vårt drog frå Mexico.

Etter presentasjonen blei det samla inn kollekt til mexicoprosjektet. Etterpå blei det selt middag der inntekta gjekk til same føremål. Sidan gåvene kom inn både som kontantar og via Vipps og kort/overføringar til bank, har me enno ikkje fullt oversyn over kor mykje som kom inn.Men me tek ikkje for hardt i om me nemner ein stad mellom 13.000 og 14.000 kroner. Det gjenstår då å samla inn rundt 46.000 kroner før heile mexicoprosjektet er finansiert.

Sjølv om det enno er eit stykke igjen før dette målet er nådd, tok fleire av teamdeltakarane til ordet for oppfølging og kanskje ein ny mexicotur om eitt år eller to. 

Forsamlinga på Filadelfia støttar allereie misjonærane Vibeke og Aslak Telhaug, og vil halda fram med det.

Kalender
Søndag 1. Mars,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Tale av Einar Vestvik. Nattverd. VIP Minutes og Små Juveler for barna. Gåve til menighetsarbeidet.
Tirsdag 3. Mars,
17:00 BiA - øving
Øving med BiA; Barnekoret i Auklandshamn. Åpent for alle. Barn under 3 år må...
Onsdag 4. Mars,
19:00 Bibel og bønn
Fredag 6. Mars,
19:00 Bibeltime
Bibelundervisning v/Øyvind Gaarder Andersen
Søndag 8. Mars,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
VIP Minutes og Små Juveler for barna.
Tirsdag 10. Mars,
17:00 Supertirsdag
Barne- /juniorsamling, open for alle. Barn under 3 år må være i følgje med vaksen....
Onsdag 11. Mars,
19:00 Bibel og bønn
Fredag 13. Mars,
19:00 FREDAG
Ungdoms-samling, frå 7. klasse. Andakt, matservering, kiosk og ulike aktivitetar.