Dei kasta seg over maten med glupande appetitt, borna som nett var komne til den første av Open Heart sine sommarleirar i Ukraina sommaren 2012.
Dei kasta seg over maten med glupande appetitt, borna som nett var komne til den første av Open Heart sine sommarleirar i Ukraina sommaren 2012.

Sterke inntrykk frå barneleir i Ukraina

20.06.2012
Laurdag 16. juni fekk Lillian og Einar Vestvik frå Filadelfia, Auklandshamn vera med på opninga av den første av Open Heart sine sommarleirar i Ukraina denne sesongen. I løpet av sommaren vil 1.000 born frå fattige familiar få eit to vekers opphald på leir.

Leirstaden utanfor byen Zhitomir i Ukraina har plass til 200 barn på kvar leir. Og alle plassar var opptekne då gjestene frå Norge  blei ønskte velkommen denne laurdag ettermiddagen. Halvard Hasseløy heldt appell under opningsmøtet, der det elles var feiande flott musikk og ei rekkje opptrinn frå borna.

Det er born frå åtte år og oppover som får vera med på leirane. Dei kjem frå familiar som også elles i året mottar hjelp i form av mat og klede frå Open Heart. Ein del av borna bur også på barneheimar eller til og med på gata. Men talet på gatebarn er heldigvis synkande, fortel Halvard Hasseløy.

For borna er leiropphaldet gratis. Open Heart brukar nær ein million kroner på leirane, og det er ei stor utfordring å skaffa nok pengar. Derfor blir også det siste nyhendebladet frå Open Heart brukt til å oppmoda gjevarane rundt om i landet om å støtta dette tiltaket. Pinsemenigheten i Sveio, Filadelfia Auklandshamn støttar i år leirane i Ukraina med 20.000 kroner.

Det er vel brukte pengar. Dei fleste borna som deltar på sommarleirane ved Zhitomir overgir seg til Jesus under leiropphaldet, og over år har Open Heart sine medarbeidarar konstatert at svært mange av dei blir bevarte som kristne og mer med i menighetene sine cellegrupper for born og unge. Lillian og Einar møtte mellom anna Nadia (23), som gavet livet sitt til Jesus på leir då ho var 14. Frå ho var 15 har ho kvar sommar vore frivillig medarbeidar på kjøkkenet under leirane. Nadia kom inn i Open Heart sitt arbeid og byrja å få eit dagleg måltid ved matstasjonen i Zhitomir då ho var ni år. Etter at ho tok imot Jesus har ho opplevd mange bønnesvar. Og sjølv om foreldra er døde og ein eldre bror nå er den einaste nære slektningen hennar, er ho nå ei glad og smilande jente som ser lyst på framtida. Ho har jobb og har tatt ulike fag på fritida. Nett no er eg opptatt av å læra å spela gitar, ler ho.

I tillegg til leirane ved Zhitomir har Open Heart også såkalla dagleirar i Kherson ved svartehavskysten. Delakarane på desse leirane overnattar heime, men er på leir om dagen. Spørsmålet om å skaffa ein leirstad i Kiev-området er til vurdering i desse dagar.

Kalender
Tirsdag 18. Februar,
17:00 BiA - øving
Øving med BiA; Barnekoret i Auklandshamn. Åpent for alle. Barn under 3 år må...
Onsdag 19. Februar,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 23. Februar,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
Delemøte. VIP Minutes og Små Juveler for barna.
Onsdag 26. Februar,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 1. Mars,
11:30 Bønn før søndagsmøtet
12:00 Søndagsmøte
VIP Minutes og Små Juveler for barna.
Tirsdag 3. Mars,
17:00 BiA - øving
Øving med BiA; Barnekoret i Auklandshamn. Åpent for alle. Barn under 3 år må...
Onsdag 4. Mars,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 8. Mars,
11:30 Bønn før søndagsmøtet