Rekordresultat for Ukraina-innsamling

Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn var stappfull av folk under Ukraina-basaren søndag. SOS Ukraina-aksjonen i Sveio sette ny rekord denne helga med inntekter på rundt 250.000 kroner. 

Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn var stappfull av folk under Ukraina-basaren søndag. SOS Ukraina-aksjonen i Sveio sette ny rekord denne helga med inntekter på rundt rekna 250.000 kroner. 

Av dette kom 230.000 kroner inn på basaren og 20.000 kroner i form av fraktpengar og gåver under klesinnsamlinga fredag og laurdag. Heile summen på 250.000 kroner og eventuelle gåver som kjem inn i tillegg dei næraste dagane, går uavkorta til Open Heart sitt arbeid i Ukraina. Alle gevinstane, kakene på basaren osv. er gåver frå firma og privatpersonar i regionen.

Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn har arrangert basar til inntekt for Open Heart sitt arbeid i mange år. Basaren brukar alltid å samla mykje folk, men aldri tidlegare så mange som dette året. I tillegg til sveibuar var folk frå nabokummunane både i Nord-Rogaland og Sunnhordland godt representerte i salen. Og tilbakemeldingane har vore svært gode.

Halvard Hasseløy, som deltok og heldt appell på basaren, er overvelda og takksam over resultatet og gav uttrykk for dette før basaren blei avslutta.

Klesinnsamlinga i Sveio resulterte dette året med tett på 400 sekker. Det er litt fleire enn året før. Me hadde fire mottaksstasjonar for klede: I Valevåg fredag 24. oktober og i Førde bedehus, Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn og lastebil utanfor soknehuset i Sveio sentrum laurdag 25. oktober.

SOS Ukraina i Sveio var i år som tidlegare del av ein stor innsamlingsaksjon på Heile Haugalandet. Resultatet frå dei andre innsamlingsstadene ser slik ut:

Haugesund (Pinsekirken Tabernaklet og trailer v/Amanda): 575 sekker klede og 206.350 kroner. Av denne summen utgjorde 161.249 kroner inntektene frå basaren laurdag 25. oktober.

Vindafjord (Austreimsbygda, Vikebygd og Øvre Vats): 1.000 sekker klede og 70.000 kroner.

Karmøy (Åkrehamn): 400 sekker klede og 23.600 kroner.

Til saman på Haugalandet medrekna Sveio blir dette rudnt 2.400 sekker med klede og 550.000 kroner til Open Heart sitt arbeid i Ukraina.

Powered by Cornerstone