
226.667 kroner til hjelp i Ukraina
Av pengesummen utgjer fraktpengar for sekkene ca 19.000 kroner. Resten er inntektene frå basaren, der det blei selt litt over 15.000 lodd pluss tre omgangar med åresal. Me fekk også dette året mange flotte gevinstar frå firma og privatpersonar og blei sponsa på andre måtar også, for eksempel ved lån av lastebilar til innsamlinga.
Basaren samla godt over 100 menneske i alle aldrar. Dei fekk mellom anna høyra ein fersk situasjonsrapport om forholda i Ukraina ved Halvard Hasseløy, leiar i Open Heart.
Takk til alle som medverka - på alle mulige måtar!