Samlast igjen i "ny" møtesal

Oppussinga og oppgraderinga av møtesalen på Filadelfia er enno ikke heilt ferdig, men dei to siste søndagane har me igjen hatt gudstjenestene våre i dette rommet.

Ekstra kjekt var det at Astrid Karin Strand var heimom ein snartur frå Kenya og kunne vera med på den første av desse gudstenestene. Ho fann plassen sin i Sela (bildet), og fortalte også levande om arbeidet i Afrika. Oddvar Bauge fekk gleda av å halda den første talen i den "nye" møtesalen. Og dei nett heimkomne mexico-misjonærane våre, Magnhild og Alejandro med veslejenta Lia Mathilde, var med via nett.

Søndagen etterpå var Magnhild, Alejandro og Lia Mathilde til stades i salen. Me hadde også besøk av Samuel Frøseth frå Sauda, fekk. høyra vitnemål om utfriing og hjelp. Lydia Stueland sin første VIP Minutes for barna i den "nye" salen handla om å ha relasjon med Jesus ved å snakka med han i bønn og lesa Ordet hans, Bibelen.

Vel møtt til nye samlingar i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn!

 

 

Powered by Cornerstone