Over 204.000 kroner til Ukraina

Lotteriet og basaren i Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn 30. oktober resulterte i 170.000 kroner til Open Heart sitt hjelpearbeid i Ukraina.

I tillegg kom gåver og fraktpengar for rundt 600 kolli med klede som kom inn til dei fire innsamlingsstadene i Sveio, gåver og pengar som gjennom året er samla inn gjennom Pinsekyrkja sitt barnearbeid. Til saman kunne dermed misjonskasseraren vår senda over 204.000 kroner til Open Heart i løpet av november.

Bidragsytarane til innsamlingsaksjonen kom ikkje berre frå Sveio, men også frå omkringliggjande kommunar. Det er tydeleg at mange er opptekne av å hjelpa det ukrainske folket, og at Open Heart har stor tillit på Haugalandet. 

Innsamlingsresultatet er ekstra bra med tanke på at det også blei gjennomført ei ekstra innsamling i Sveio og elles på Haugalandet våren 2022, kort tid etter at Russland hadde gått til krig mot nabolandet Ukraina.

Berre ein gong tidlegare har dei årlege innsamlingsaksjonane i Sveio gitt eit økonomisk resultat på over 200.000 kroner. Det var i 2021, då Pinsekyrkja Filadelfia samarbeidde med Open Heart sine støttespelarar i Åkrehamn og loddsal og basar. I år blei det igjen arrangert eigen basar i Åkrehamn. Der kom det inn 190.000 kroner. Ved ein basar i Pinemenigheten Tabernaklet i Haugesund kom det i år inn 140.000 kroner.

Innsamlinga av klede resulterte i tre trailerar frå Vindafjord, Haugesund, Karmøy og Sveio. To av bilane var heitl fullasta og sette kursen rett mot Ukraina. Den tredje sette kursen mot Austlandet for også å få med noko last derfrå.

Gode innsamlingsresultat er bra, for aldri før i nyare tid har hjelpebehovet i Ukraina vore større enn nå. Krigen har, ifølge NRK, drive sju millionar ukrainarar på flukt i eige land. I tillegg kjem dei millionane av ukrainarar som har flykta til andre land.

Be framleis for Ukraina, og ikkje minst for hjelpearbeidarane som kvar dag risikerer livet for å hjelpa andre.

Powered by Cornerstone