Over 50 påmelde til weekend på Holmavatn

Over 50 personar i alle aldrar er påmelde til menighetsweekenden på Holmavatn 27.-29. mai. Halvard Hasseløy blir med som gjestetaler under weekenden.

Leirstaden Holmavatn ved Varhaug heilt sør på Jæren tilhøyrer Norsk Luthersk Misjonssamband. Pinsekyrkja Filadelfia Auklandshamn arrangerte weekendtur til denne leirstaden også hausten 2021. Me fekk svært god service, likte oss godt på staden og fekk lyst til å venda tilbake i år også. Og me blir fleire enn i fjor! Framleis er det dessutan plass til fleire.

Powered by Cornerstone