Årsmelding og rekneskap godkjent digitalt

Både årsmelding og rekneskap blei godkjent på Filadelfia sitt digitale årsmøte.

Årsmøtet blei gjennomført i to delar. Årsmelding og rekneskap blei sendt ut til medlemmene, som fekk ei veke på seg til å stemma på nettet. Til dette brukte me eit dataprogram som er utvikla av Obos og tilrettelagt for digitale årsmøte i lag og foreiningar.

Avstemminga blei avslutta måndag 22. mars. Dagen før, søndag 21. mars, blei heile forsamlinga invitert til å delta på ein gjennomgang av årsmelding og rekneskap via Zoom.

Det er første gong eit årsmøte blir avvikla på denne måten for Filadelfia sitt vedkomande. Dette var sjølsagt uvant for mange, derfor blei andre årsmøtesaker utsette til det igjen blir mogleg å samlast fysisk. Når det gjeld årsmelding og rekneskap har me derimot fristar å halda oss til og er glad for at det finst digitale løysingar som kan nyttast i ei tid med koronapandemi og nedstenging.

Powered by Cornerstone