Nest etter hovudpersonen sjølv har vel ingen av personane rundt krybba med Jesusbarnet vore meir i fokus enn mor hans, Maria. Det var lydnaden hennar mot Gud som gjorde henne verdskjent. Slik er det med mange andre også.
Nå er det ikkje slik å forstå at fame er eit mål i seg sjølv. Ingen ting tyder heller på at Maria var opptatt av å bli berømt. Hennar fokus som ei ung, truande jente, var å lyda Gud i alle ting. Englebesøket og bodskapen engelen hadde med til henne kom overraskande, Ho stilte spørsmål i undring, men ikkje i fordi ho tvilte på at Gud var i stand til å gjennomføra det han lova. Maria kjente dei biologiske lovene, visste korleis barn blir til. Ho visste også at ho ikkje hadde hatt omgang med nokon mann, korkje kjærasten Josef eller andre. Difor måtte den omtalte graviditeten koma i stand på anna vis. Ungjenta i Nasaret var aldri så lite nysgjerrig, trur eg (det står ikkje rett ut i Bibelen!).
Døyparen Johannes sin far, presten Sakarias, er omtalt i det same kapitlet hos Lukas der Maria fekk englebesøk. Også Sakarias fekk besøk av engelen Gabriel, faktisk seks månader før Maria. Også Sakarias fekk vita at eit barn skulle bli fødd, delvis i strid med det me kallar naturlovene. Rett nok skulle det vera hans og kona Elisabeth sitt barn. Det overnaturlege elementet var at Elisabeth eigentleg hadde passert overgangsalderen og ikkje lenger ”hadde det på kvinners vis”, for å bruka eit forsiktig og diskret bibelsk omgrep. Også Sakarias stilte spørsmål. Ulikt Maria var det ikkje av undring, men fordi han rett og slett tvilte på at det engelen fortalte, kunne vera sant og kunne koma til å skje. Ein naturleg tvil, vil nokon seia. Ikkje for ein som burde kjenna Guds allmakt og truskap, kan me då replisera. Kona hans hadde heldigvis større innsikt i den åndelege verda sine lover. ”For ingen ting er umogleg for Gud”, seier ho i samtale med Maria litt lenger ute i kapitlet.
Maria gjorde det ho kunne, og det var nok. Ho kunne seia ja til kallet frå Gud. Maria stilte seg til Guds disposisjon, heilt og fullt. Om ho tenkte over kostnadene ved å gjera dette, veit me ikkje. Menneskeleg sett hadde ho mykje å mista. Ho risikerta å mista Josef, som lett kunne få mistanke om at ho hadde vore trulaus, Ho risikerte fordøming frå familie og vener, lokalsamfunn og trusfeller. Mennsekeleg sett sto ho svakt. Alderen hennar står ikkje i Bibelen, men bibelforskarar meiner ho var svært ung. Kanskje ikkje meir enn tidleg i tenåra. Då går dei vel først og fremst ut frå det som var vanleg trulovingsalder i den tida. Og ho levde i ein kultur der det var atskillig vanskelegare å bli aleinemor enn i dagens Norge, om me vil dra den parallellen. Men Gud. Ho hadde han på si side. Det var tydelegvis nok for Maria. Det er nok for alle som vågar å setja si lit til han.
”Alle vil prisa meg salig”, jubla Maria ei tid seinare. Då hadde det meste ordna seg, i alle fall i forhold til Josef som sat med den viktigaste nøkkelen. Og ho hadde tatt inn over seg den unike rolla ho var tildelt som Frelsaren si mor. Om Maria den gongen hadde vore klar over at ho med tida også skulle bli gjenstand for regelrett tilbeding, trur eg gleda hennar hadde fått eit alvorleg skår. Det var barnet ho bar på som var verd tilbeding. Ikkje ho sjølv, ingen andre. Og det trengst ingen andre mellommenn.
Det kosta dyrt for Guds folk å ta oppgjer med den katolske mariadyrkinga. Det skjedde tidleg på 1500-talet, med Martin Luther som ein modig frontfigur. Takk skal du ha, Martin, for at du også var villig til å påta deg kostnadene ved å følgja Guds kall. Og kampen er ikkje over. Både mariakulten og andre katolske element bankar igjen på dørene, både til den norske statskyrkja og til fleire frikyrkjesamfunn. I Korsets Seier 14. januar 2012 åtvarar pastor Åge Åleskjær mot denne moderne flørtinga med katolisismen. Han gjer det i ein svært velskriven artikkel som er verd å lesa. Stor takk til deg også, Åge, for eit modig utspel i rett tid.