Pinsemenighet i Sveio sidan 1943

21. September 2010
Pinsemenigheten i Auklandshamn blei etablert i 1943, som såkalla bønnering eller utpost under Pinsemenigheten Tabernaklet i Haugesund. Namnet Filadelfia dukka først opp i 1948. Frå 1. mars 1971 har forsamlinga vore ei sjølvstendig menighet innanfor den norske Pinsebevegelsen.

Krigsåra 1940-45 var vekkingstider mange stader i landet vårt, og ikkje minst i det såkalla Bibelbeltet (kyststroka frå Sørlandet og opp til og med Møre og Romsdal) der lågkyrkjeleg og vekkingsorientert kristentru sto sterkt frå før. Slik var det også i den vesle og veglause bygda Auklandshamn i dåverande Valestrand kommune. Våren 1942 braut det ut ei stor vekking i tilknyting til ein møteserie på gamle Eikeland bedehus. Misjonsforbundet hadde ansvar for møteserien. Predikanten var den unge Oskar Kulstad, seinare mest kjent som pastor i Den evangelisk-lutherske frikirke. I løpet av dei vekene vekkinga varte, skal over 60 personar i Eikeland-krinsen ha gitt seg over til Gud.

Vekkinga opna sinn og hjarte, også for nye straumdrag innan kristenlivet. Mange sjøfolk frå Auklandshamn hadde alt før krigen sifta kjennskap med pinsevenner og andre frikyrkjerørsler rundt om i landet. Det same gjaldt unge jenter som hadde arbeid i Haugesund eller andre stader. Nokre av desse hadde til og med latt seg døypa med det folk flest kalla "vaksendåp" og slutta seg til frikyrkje i Haugesund og Stavanger.

Misjonsforbundet, som hadde ansvaret for vekkingsmøta på bedehuset, opnar både for barnedåp og neddykkingsdåp av truande ("vaksendåp"). Forbundet er også ope for karismatiske ytringar som tungetale og liknande, noko som elles var mest vanleg for pinsevennene den gongen. Representantar for Misjonsforbudnet var dei første som tala i tunger på Eikeland bedehus, etter det me kjenner til. Medan vekkinga gjekk føre seg på Eikeland, var ein del arbeidsfolk frå firma i Haugesund på vedhogst i Sveio. Dette hadde samanheng med forsyningssituasjonen under krigen. Mellom desse vedhoggarane var det også pinsevenner. Desse fekk høyra om vekkinga og besøkte møta på Eikeland. På den måten blei det knytt kontaktar. På ulike måtar blei det såleis opna for påverknad både når det gjaldt dåp og åndsdåp med nådegåver i kjølvatne.

Frå våren 1943 og utover blei minst 10-15 truande frå Auklandshamn døypte på Tabernaklet sine møte i Haugesund. Seinare steig talet endå meir. I førstninga tenkte desse nydøypte å halda fram med å gå på bedehuset, men spenninga kring spørsmål om dåp og liknande blei for stor.

Den nye pinseforsamlinga starta med møte i private  heimar, men sikra seg alt i 1944 tomt til eit framtidig gudshus. Etter krigen var det knapt med bygningsmateriale, men i juni 1948 sto eit enkelt forsamlingshus klar til vigsling . Etter tradisjonen på den tida fekk huset eit bibelsk namn - Filadelfia. Seinare har dette også blitt namnet på menigheten. Forsamlingshuset er blitt utvida og oppussa fleire gonger seinare. Først i 1966-67, då eit tilbygg gav plass til kjøkken og toalett. I 1980 blei det gjennomført ei større oppussing av møtesalen. Den største utbygginga blei gjennomført i 1994, då huset fekk heilt ny møtesal med kjellaretasje under.

Pinsemenighet i Sveio sidan 1943Forsamlingshuset slik det såg ut før den store utbygginga i 1994.Foto: Einar Vestvik

 

Forsamlinga starta med vanlege møte, men utvida med søndagsskule frå tidleg på 1950-talet. Frå 1970-åra har forsamlinga også hatt barne- og ungdomsmøte på vekedagar. Saman med andre pinseforsamlingar i regionen har Filadelfia-forsamlinga leirar for barn og unge og i seinare år også Tentro- (konfirmasjons-) undervisning.

Misjon blei også tidleg på 1950-talet ein del av forsamlinga sitt arbeid. Filadelfia størra først Kongo- (Zaire-) misjonærane Vivi Beronka og deretter Ruth og Alf Vatne. Frå 1979 til 1991 var forsamlinga utsendar (arbeidsgjevar) for misjonærane Laila og Oddvar Bauge i Bolivia. Vidare var forsamlinga for Solfrid Jacobsen i Zaire frå 1988 til 1990 og i Bolivia frå 1991 til 1991. Åshild og Robert Bauge var utsendt frå Filadelfia til Bolivia i 2003-2004, og var klar for ein ny periode i 2006. Denne perioden blei det ikkje noko av på grunn av endringar i arbeidet der ute. Andre misjonærar med røter i forsamlinga har vore Berit Dianne Kilvær i Uganda (utsendt frå Bergen) og Anne Marit Pedersen i teneste for Ungdom i Oppdrag. Forsamlinga har støtta ei rekke andre misjonsprosjekt. Frå tidleg på 1990-talet gjeld dette mellom anna Halvard Hasseløy sitt arbeid i Ukraina. Jan Reinert Vestvik var i ein periode sivilarbeidar i Filadelfia og arbeidde då på heiltid for Halvard sin Open Heart-organisasjon. Per i dag er Oddvar Bauge leiar for PYM sitt landutval for Bolivia, medan Jan Reinert Vestvik er med i PYM sitt landutval for Niger (der Filadelfia også støttar misjonsarbeid). Gjennom søsterring og barnearbeid støttar forsamlinga også enkeltprosjekt i India og Israel, og me har nære kontaktar i Kenya. Forsamlinga ber dessutan fast for eit område i Kina.

Frå starten av har forsamlinga blitt leia av eit såkalla eldsteråd, seinare kalla leiarskap. Anton Jacobsen var den første leiaren. Seinare veksla Ole. H. Økland, Jacob K. Jacobsen og Cato Jacobsen om å ha dette vervet. Frå 1957 og omtrent utan avbrot til 1975 var Ole H. Økland leiar. Deretter følgde Billy Økland, Oddvar Bauge, Torleif Jacobsen og - frå 1988 - Einar Vestvik. Dagens leiarskap består av Einar Vestvik (leiar), Oddvar Bauge, Per S. Wathne, Lillian Lund Vestvik og Ruth Linda Årre.

Fleire forkynnarar har blitt sende ut frå Filadelfia. Av dei som har hatt dette som heiltidsarbeid i kortare eller lengre periodar kan nemnast Anna og Ingrid Jacobsen, Martha Hjortland, Kristine Hovda og Cato Jacobsen  her i landet i tillegg til misjonærane og misjonsarbeidarane som er nemnde ovanfor og menighetsarbeidarane som er nemnde nedanfor.

Her heime har forsamlinga for det meste nytta seg av tilreisande forkynnarar som har blitt hyrte inn for enkeltoppdrag. I seinare år har forsamlinga hatt tilsette arbeidarar i deltidsstillingar.  Først Einar Vestvik i ei prosjektstilling (50 pst) våren 2005, deretter Robert Bauge, Tor Egil Frøyland og Ruth Linda Årre, som alle har vore tilsette i 50 pst stillingar som menighetsarbeidarar. Ruth Linda har denne stillinga i dag, men er for tida ute i svangerskapspermisjon.

 Pinsemenigheten Filadelfia starta i Auklandshamn og har i alle år hatt flesteparten av sine medlememr i denne krinsen. I seinare år har det kome til fleire medlemmer busette andre stader i Sveio. Målet er å vera ei pinsemenighet for heile kommunen.  

Kalender
Fredag 18. Oktober,
19:00 Bibeltime - temasamling
Tema: Tidens tegn varsler Jesu gjenkomst. Bibelundervisning v/Terje Berg
Søndag 20. Oktober,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tema: Tidens tegn varsler Jesu gjenkomst. Tale av Terje Berg. Dobbelt-bibeltime med...
Tirsdag 22. Oktober,
17:00 Supertirsdag
Samling for barn / junior, med Bibel-forteljing, song, aktivitetar. Bollar og saft...
Onsdag 23. Oktober,
19:00 Bibel og bønn
Lørdag 26. Oktober,
10:00 Innsamlingsaksjon SOS Ukraina
Innsamling av klede og sko til fattige i Ukraina i samarbeid med stiftinga Open...
Søndag 27. Oktober,
16:00 Storbasar - SOS Ukraina
Appell v/Halvard Hasseløy. Lodd- og åresalg. Mange flotte gevinstar.
Onsdag 30. Oktober,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 3. November,
11:30 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
Tale av Roald Lidal, informasjon om New Life Ministries sitt arbeid. VIP Minutes...