Finn fram til ossMe har vår base i Auklandshamn på vestkysten av Sveio kommune. Dessverre er det ikkje mogeleg å søkje på adresse i Google eller Gule sider el.l. enda for å finne oss, men me har laga nokre hjelpemiddel for at du skal finne fram.
Nede på sida finn du ei lenke til filer som du kan laste ned og leggje inn i GPS-en din. Det er litt ulikt format på ulike GPS-ar, men denne fila skal virke på fleire modellar. Sjå i brukarmanualen til din GPS korleis du skal gjere for å leggje inn ei såkalla "POI"-fil (points of interest).
Du kan også leggje inn posisjonen manuelt på enkelte GPS-ar: Har du ikkje GPS kan du prøve å følgje denne vegforklaringa: Om du kjem frå Bergen, Stord, Bømlo (via Trekantsambandet), Stavanger, Oslo/Austlandet eller Tysvær:Køyr E39 til Rød (2 km nord for Haukås / 5 km sør for Førde i Hordaland) Ta av mot Auklandshamn (sjå skilt) Køyr om lag 8 km og ta av mot Tjernagel (sjå skilt) Like etter du har tatt av mot Tjernagel ser du lokalet vårt på venstre side av vegen (Kvitt hus med stor Filadelfia-logo på veggen). Om du kjem frå Haugesund, Karmøy, flyplassenKøyr nordover Tittelsnesvegen/Rv 49 til du kjem til skilt mot Auklandsham (v/Sveio sentrum) Følg skilting mot Auklandshamn (ca 15 km) Like etter skilt mot Butikk og Skule, ta av til høgre (du ser såvidt lokalet vårt på høgre sida, kvitt hus med stor Filadelfia-logo på veggen). |
Klikk "Liker" over for å følge oss på Facebook. Der får du en ekstra påminnelse om alt som skjer på Filadelfia! |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Pinsemenigheten Filadelfia Auklandshamn |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||