Ein menighet for heile livet

I løpet av livet går me gjennom alle slags dagar, både gode og vonde. Me opplever gleder og sorger. Livet kan være godt å leve, men det kan også by på utfordringar. Me vil være ein menighet for heile livet - du er alltid velkommen til oss, uansett korleis din dag og ditt liv er nett no.

Lurer du på kva me trur og meiner om ulike situasjonar i livet? Bruk undersida "Spørsmål og svar" og sjå om du finn svaret, eller send oss eit spørsmål og me vil svare deg så godt me kan ut frå det Bibelen seier om livet. Du kan være heilt anonym når du spør, dersom du bruker skjemaet på nettsida, eller du kan velge å få personleg oppfølging.

Me deler også nokre tankar om livet med jevne mellomrom. Det aller beste er å komme på våre møter og høyre forkynninga der, men me brukar også internett til å dele tankar om livet - sjå undersida "Tankar om livet".

Som menighet kan me også utføre kyrkjelege handlingar for alle fasar i livet. Allereie som spedbarn ønskjer me å ta imot dei små barna, som Jesus gjorde, bera dei fram for Han og be om velsigning over livet deira saman med menigheten. Me kallar dette barnevelsigning. Barna høyrer allereie Jesus til, men han har gitt oss dette eksempelet, la dei små barna koma til Han, og han vil velsigna dei.

Som tenåring - 9. klassing - er det tid for konfirmasjon i vår tradisjon. Me i Filadelfia meiner me har ikkje noko å "konfirmere", men me har likevel eit opplegg som alternativ til kyrkja si konfirmasjonsundervisning - fordi me meiner at dei unge som vil bli betre kjend med Bibelen og Jesus bør ha dette alternativet - utan å stilla krav til at dei må lata seg døypa, bli medlem eller ta del i vår tru. Derfor tilbyr me i samarbeid med Tabernaklet Haugesund, konfirmantopplegget Tentro.

Så snart eit menneske har vendt seg om til Gud, sagt ja til Jesus, seier Bibelen at me skal lata oss døypa for å symbolisera framfor menigheten at me har lagt bak oss det gamle livet og vil leva eit nytt liv i Kristus. Me praktiserer truande dåp med full neddykking, i tråd med dette som står i Bibelen om å begrave det gamle livet. Me kan også arrangere dåp i lukka møte dersom det er ønske om dette.

Vidare i livet er det mange som vel å gifte seg. Filadelfia har ikkje formell vigselsrett, men i tråd med Bibelen ønskjer me gjerne å velsigne dei nygifte. Me har hatt mange vigslar i Filadelfia, der nokre vel å gjere det formelle hjå Byfogden og ta velsigninga hjå oss, eller andre vel å bruke Filadelfia og så leiger me inn ein pastor med vigselsrett.

Kyrkja skal også være ein stad for avslutninga av det jordiske livet. Me kan tilby gravferd frå Filadelfia. Dette har vore gjort ein gong til no, og er eit bra alternativ til Eikeland kapell, då me har meir plass.

Mellom alle disse andre hendingane i livet er det mange dagar som skal feirast saman med mange vener. Treng du selskapslokale til bursdagar, konfirmasjon, brullupsfest, minnemøte eller anna, ta kontakt med oss for leige av lokale.

Klikk "Liker" over for å følge oss på Facebook. Der får du en ekstra påminnelse om alt som skjer på Filadelfia!

Kalender
Lørdag 25. Februar
18:00Tentro
Tema: Livets fortellinger
 
Søndag 26. Februar
17:00Søndagsmøte
VIP Minutes. Tale av Marianne Håvik.
 
Tirsdag 28. Februar
17:00SUPERTIRSDAG SPESIAL
Me får besøk av Jarle Waldemar!! Heile familien, og alle andre som har lyst: Velkommen...
 
Onsdag 29. Februar
10:30Småbarnstreff
Småbarnstreff, for foreldre og barn. Me treffest i kjellaren for leik, songstund...
19:00Bønn
Me samlast for å tilbe Jesus Kristus og be om velsigning over folk i Sveio og...
 
Fredag 2. Mars - Onsdag 7. Mars
5 dagerTentrotur til London
19:30You2/tweens
For deg som går i 6.-10.kl.
 
Søndag 4. Mars
11:00Søndagsskule
 
Onsdag 7. Mars
10:30Småbarnstreff
Småbarnstreff, for foreldre og barn. Me treffest i kjellaren for leik, songstund...
19:00Bønn
Me samlast for å tilbe Jesus Kristus og be om velsigning over folk i Sveio og...