Dette er VIP Minutes

Dette er VIP Minutes

I annonser om omtale av møte på Filadelfia kan du ofte lesa at VIP Minutes er eitt av innslaga på programmet. VIP Minutes? Her er forklaringa.

VIP Minutes står for ei spesiell tid, gjerne 15-20 minuttar, som er avsett til Very Imoportant Persons (VIP) = svært viktige personar. I  Guds auge er alle svært viktige, men i vår samanheng har me valt å understreka at dette særleg gjeld borna. Jesus viste det sjølv ved å gi ekstra merksemd og tid til dei små. Me trur han framleis er svært oppteken av at neste generasjon skal få inngåande kjennskap til innhaldet i Bibelen og innhaldet i ekte kristenliv så tidleg som  mulig.

VIP Minutes er først og fremst formidling av bibelforteljingar for dei små, gjerne ved hjelp av den nyaste og beste utgåva av den klassske flanellografen. Under VIP Minutes kjem gjerne borna fram til dei fremste stolrekkene for å få alt med seg. Av og til får dei premiar, av ulike grunnar. Seinare oppheld gjerne dei minste borna seg i leikekroken under tilsyn av foreldre, før dei etter ein times tid gå ut for å få kveldsmat. For dei andre held møtet fram.

Det viser seg at også foreldre, besteforeldre, tanter og onklar og andre vaksne får stort utbyte av denne enkle forteljingsforma. Og det blir kjekkare for heile familien å gå på møte når dei veit at det er opplegg for alle aldersgrupper.

Ruth Linda Årre, Erna Vestvik Andersen og fleire andre har hatt ansvaret for VIP Minutes så langt .

Kalender
Søndag 25. August,
12:00 Søndagsmøte
Tale av Juan Alanis. VIP Minutes og Små Juveler for barna.
Tirsdag 27. August,
17:00 Supertirsdag
Samling for barn / junior, med Bibel-forteljing, song, aktivitetar. Bollar og saft...
Onsdag 28. August,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 1. September,
12:00 Me feirar Tabernaklets 100-årsjubileum
Søndag 1. september blir det ikkje møte på Filadelfia. Me deltek på 100-årsjubileet...
Onsdag 4. September,
19:00 Bibel og bønn
Søndag 8. September,
11:00 Bønn før søndagsmøte
12:00 Søndagsmøte
VIP Minutes og Små Juveler for barna
Tirsdag 10. September,
17:00 Supertirsdag
Samling for barn / junior, med Bibel-forteljing, song, aktivitetar. Bollar og saft...
Onsdag 11. September,
19:00 Bibeltime saman med Sjustjerna
Dobbelt-bibeltime v/Dag Øyvind Juliussen fra Internasjonale kristne ambassade Jerusalem. Matpause....
Søndag 15. September,
11:00 Bønn før søndagsmøte